mandag 25. august 2008

Ferietur

Nokon vil nok påstå at eg er på ferie her i Grønland heile tida, men eg er faktisk mest her for å jobba. Men det er berre så utrulig mykje å oppleva i tillegg. Nå har eg fått fri ei veke og skal vera med ei spaniagruppe på ei veke med padling, brevandring, topptur og fjellturar. Reiser i morgon og kontakten med omverden blir vel så som så. Værmeldinga er strålande vær, men kalde netter. Kjem tilbake, antakeleg proppfull med flotte inntrykk!

søndag 24. august 2008

Turistar og mange andre som kjem på besøk.


Då eg skulle reisa hit fekk eg beskjed om å ta med lesestoff. Det kan bli ganske så einsamt! Nå har eg vorre her i snart 8 veker og eg overdriv ikkje når eg seier at det har vore ca 5-600 besøkande. Helst nokon kvar dag. Det er lokale folk frå byen som vil handla planter og grønsaker. Folk frå heile landet som har hatt ferie sørpå, mykje danskar som har eller har hatt ein eller annen tilknytning til Grønland, tre filmteam til nå, vitenskapsfolk som vil vita meir om den globale oppvarminga og to nordmenn! Du bør sterkt vurdera ein tur til Grønland, garantert ei heilt spesiell turoppleving!

Tre jenter


Sist laurdag kom her tre jenter på besøk til Upernaviarsuk frå ein barneheim i byen. Stakkars jenter, 15 og 18 år gamle. Heile oppveksten har dei berre opplevd alkohol, narkotika og overgrep. Dessverre er dette ein del av kvardagen for nokon, som alle andre stader i verden. Saman med ledaren fekk dei oppleva tre rolege dagar med kumelking, turar i fjellet, og heilt elementære oppgåver som å stå opp, laga seg mat og litt faste rutinar. Likevel er det ofte gata som ventar mange av desse jentene.
Dei likte seg så godt her ute at dei ville koma att ganske snart. Nå har dei vore her ei heil veke og har vore til god hjelp i gartneriet; enkle arbeidsoppgaver på 2-3 timar til dagen. Håpar at det har blitt meir enn eit skritt fram og to tilbake!

torsdag 21. august 2008

Hvalsø kyrkjeruin


På denne turen kom eg også forbi ei av to-tre flotte steinkyrkjer frå norrøn tid. Denne var bygd på 1300-talet og liknar svært mykje på steinkyrker i Norge. Her langt inne i ein fjordarm var denne kyrkja plassert, med tilhøyrande byggningar for både folk og fe. Men likevel sentralt når det gjaldt skipslei og ferdselstiar over fjellet. Nå står berre murane att og er ein stor turistattraksjon i Grønland. Følte meg nesten som ein pilgrim på veg til kyrkjes og song for meg sjøl den gamle salma: "Deg å få skoda...".

FJELLTUR











Hadde lenge planlagt ein skikkeleg tur opp i fjellet over to dagar.Pakka sekken og berre gå utan å kikka på klokka.
Denne helga passa det fint. Drog avgarde ved middagstid i eit strålande vær. Området er så øde at det antakeleg er lettare å vinna i Lotto enn å møta på folk. Så eit godt kart (1:100 000) og god erfaring er godt å ha med seg. Det er ingen merka sti, men sauer har gått her i årtider, så ved å fylgja deira trakk går det svært så bra. Målet var 25 km første dagen og med ein ikkje altfor tung sekk så gjekk det bra. Men etter 8 timar var det godt å krypa ned i ein god og varm sovepose under ein gapahuk.
Neste morgon vakna eg til nattefrost og heller liten lyst til å tre ut av mitt lune "rede". Venta til sola varma og gjorde meg klar til vidare tur. Men folk hadde snakka om lite vatn i elvane og mulig lett fiske av aure i små kulpar. Dette måtte prøvast. Følgde eit 30-40 meter breitt og tørt elveleie oppover dalen ca to km, men lite og ingen fisk å sjå. Snudde for å gå nedatt, men måtte berre kikka i ei sideelv. Og DER i ein liten kulp stod det 4-5 flotte aurar. Treiv av meg jakka og stakk armen ned ein meters dybde. Fekk tak i ein hale, men glapp taket.Etter fleire forsøk tok eg tak med begge hendene, ei over nakken og ei rundt halen.Fast fisk og stolt kunne eg ta opp ein flott aure på 55 cm og sikkert to kilo. Heilt utruleg flott oppleving. Gjett om den smakte godt til middag. Etterpå var det potetmos kokt i fiskekraft. Måtte ha mange stopp i bekker for å sløkkja tørsten seinare på turen.

NUKA


Nuka er grønlandsk og betyr lillesøster. Nuka her på Upernaviarsuk er ei ku, ei av dei svært få i Grønland. Ho blir handmelka og sidan ho er av Jersey rase så er melka god og feit. I tillegg går her 12 andre ammekveg. Tanken var å starta opp med melkeproduksjon, men førebels er det lagt på vent. Fleire bønder har meldt si interesse for å skaffa seg ei ku og ein stut til sjølhushald, og det blir nok slik!

Eirik Raude

Eirik Raude oppdagar Grønland i året 982. Han var fødd på Jæren ca år 950 og tilnavnet "raude" skal koma av hans raude hår. Omlag år 970 måtte Eirik og faren Torvald reisa frå Norge etter å ha blitt lyst fredlause. Truleg hadde Torvald drepe nokre av mennene til kongen. Dei valde å reisa til Island. Her prøvde dei å busetja seg, men Eirik vart dømd fredlaus på grunn av drap.
Eirik greidde å bemanna eit havgåande skip og ville seila lenger vest, der han hadde høyrt om eit nytt land. Det var i år 982 han steig i land i Grønland og utforska denne staden i tre år før han vende tilbake til Island. Han fekk forlik med sine uvenner og fekk på ny tillit og støtte. I år 985 seilte han med 25 havgåande skip ut frå Island med kurs for det nye landet. Fleire hundre vågale menn, kvinner og barn var med. I tillegg hadde dei med seg hestar, kyr, sauer, geiter og svin. Dessutan alt dei trengde for å byggja nytt land, Grønland, som Eirik så forlokkande hadde kalla det.
Undervegs seilte dei inn i eit katastrofalt uvær og berre 15 båtar nådde fram. I Syd Grønland busette dei seg i Brattalid, i dag kalla Qassiarsuk. Dette er like ved flyplassen Narsarsuaq. På dagens kart står det skreve både Erik Raudes land og Eriks fjord.
Innbyggjartalet vaks og var sannsynlegvis opp mot 3-4000 fordelt over 400 gardar. Men nedgangstider kom og den norrøne tida forsvann utover 1400-talet.

mandag 18. august 2008

Grønlandsk internett

Internett her på forsøksstasjonen er heller treg, berre ein sånn "gamaldags" m/telefonmodem. Heilt umulig å få lagt inn bilder. Så nå skriv eg det meste ferdig på min PC og legg det over på bloggen når eg reiser inn til byen, ca ein gong pr veke. Stort sett kvar onsdag. Hadde forresten ein flott fjelltur i helga, der eg fanga ein 2 kilos aure med berre hendene!

onsdag 13. august 2008

Grønlands Hjemmestyre og Det Danske Folketing.



Grønland er fortsatt under dansk lov og rett. Difor kjem det danske politikarar innimellom for å sjå om Grønland. I dag tirsdag den 12.august skulle vi få besøk av Finansutvalget, 11 danskar og 4 grønlenderar. Sikkert rikskjendisar kvar på sin plass, men sidan eg ikkje kjende nokon så vart dei heilt alminnelige folk. To timar med guiding, kaffi og Ingridkake, mykje prat og spørsmål i strålande solskin. Når eg til slutt fekk ei flott gåve frå det Danske Folketing, så forstod eg jo at det måtte vera folk litt høgt oppe.

Cécile



Cécile Dumas er ei fransk jente på 18 år. Ho går på fem-årig gartner- og landskapsarkitektskule heime i Frankrike. Sommaren etter første året, må alle elevane skaffa seg seks vekers praksisplass i utlandet. Av alle plasser i verden hadde ho valgt forsøksstasjonen på Upernaviarsuk i Grønland. Ho kom hit to dagar før meg og nå har ho reist. Ei utrulig flott og intelligent jente. Ho snakkar flytande engelsk (sjeldan til fransk å vera). Så på trass av aldersforskjell, nasjonalitet, språk og religion så fekk vi mange fine samtalar oss i mellom.

lørdag 9. august 2008

Spanjolar på tur i Grønland




Frå mai til medio september kjem det ca 500 spanjolar til Grønland for å oppleva den barske og ville naturen her. Dei kan velja mellom turar på ei eller to veker, med alt frå brevandring, fjellturar, kajakkpadling og fisking. Kvar gruppe er på 12-14 personar med 1-2 guidar. I løpet av turen overnattar dei på forsøkstasjonen i turistleiligheten. Då ynskjer eg velkommen, lagar rabarbra-suppe, litt Ingridkake og dagen etterpå er det guiding i området.
Nå på tirsdag var det ei svært sprek gruppe som lurte på om eg kunne ta dei med opp i fjellet på ein liten tur. Eg peika på Toppen 525 m.o.h. "Of course" og så blei det ein flott kveldstur på 3-4 timar.
Onsdag er fast haustedag av grønnsaker som skal leverast inn til byen. Ein ide vart unnfanga og kl 8 hadde vi 12 spanjolar i full gang med hausting og pakking. Det gjekk unna med latter og sang - god teambuilding! http://www.tasermiut.com/

fredag 8. august 2008

Gartnerens hus










Huset eg bur i er både godt og praktisk, men for tida er det dårlig med vatn pga. tørke. Hentar drikkevatn i bekken. Her lagar eg all maten sjøl, middag, bakar brød, kaker og rabarbra suppe. Det er billig å leva, melk frå kua, grønnsaker og poteter frå åkeren, fisk i sjøen. Av og til blir eg bedt på middag hjå elevane f.eks. selkjøtt (godt), kvalkjøtt og sauemage ( smakte like dårlig som det såg ut til!)

torsdag 7. august 2008

Ein sommar er over.....


Ein god og varm sommar er nok over her for denne gang. Det regnar og det gjer veldig godt for naturen. Ein tur i fjellet for få dagar sidan viste kor tørt det var. Nesten ikkje ein rennande bekk og fjellgrunnen heilt knusk tørr.På det meste viste temp. heile 28 grader. Det har også resultert i stor kalving fra breane slik at det har hindra båttrafikk i visse fjordarmar.
Men det kan fortsatt bli ein fin haust. Skal bli spennande å oppleva den også, med nordlys og klare kalde netter.

søndag 3. august 2008

Stilige hus i Qaqortoq


Fargerik by

Sentrumsnært nytt hus

Bibliotek

Mitt favoritthus m/utsikt

Klesbutikk

Bolighus nær sentrum

Bolighus i utkant av byen

lørdag 2. august 2008

Jordbruksskulen Upernaviarsuk



Sauebondeutdanninga på Upernaviarsuk i Grønland.
Sauebonden arbeider med produksjon av kjøt og planter, i dag primert lammekjøt. Sauebonden er viktig for den grønlandske sjølforsyning av matvarer. Når vi skal ha lammekjøt til kvardag og fest, når ein et grønlandske poteter og mairoer, så er det bonden som står bak…

Utdanninga til sauebonde tar tre år og omfattar teoriundervisning i Upernaviarsuk og praksis både i Grønland, Island og Norge (primert Nord Norge).
· Først tre mnd praksis hjå ein sauebonde i Grønland, august- oktober.
· Eit års skule- og praksisopphald i Upernaviarsuk, november – oktober.
· Eit års praksis i Island eller Norge (primert Nord Norge) november – august, inkl. språkundervisning.
· Eit års skuleopphald på ein landbruksskule i Island eller Norge, august - mai
· Avsluttande prosjekt på Upernaviarsuk, juni
Det er mulig å forlengja praksistida på Island eller i Norge for å forbedra språket i.f.m. eit utanlandsk studieopphald.
Det er også mulig å avslutta utdanninga sitt tredje år på grønlandsk på Upernaviarsuk.
Undervisninga omfattar fag som kjemi, gjødsel- og jordbunnslære, avl, pass og stell av dyr, husdyrlære, økonomi- og samfunnsfag, plantekjennskap, byggningslære og reiskap- og maskinlære. Det er også anledning å ta førarkort. Avsluttninga av utdanninga er å utarbeida ein plan for drift av eit gardsbruk.
Det er også mulig å ta utdanning som produksjonsgartner over tre år, med eit fjerde år som praksis i utlandet.
Ein må ha fylt 17 år i løpet av det året utdanninga tek til.
Etter endt eksamen kan ein ta utdanning på høgare landbruksnivå i utlandet.
Upernaviarsuk
Box 152
3920 QAQORTOQ

Kveldsbesøk



Då eg skulle leggja meg ein kveld fekk eg besøk av denne karen. Ikkje heilt blid. Angut (han) som han heiter, vart satt på høy og vatn igjen langt utpå natta. I dag var han ute igjen. Studentane meiner vi må ha tyrefektning til kvelden og seinare grilling. Han endar nok på ein restaurant i Nuuk utpå hausten.