lørdag 8. november 2008

Borte svært bra, men heima best.


Denne karen stod på utsia av huset mitt når eg reiste heim. Ville vel ha litt godsaker som vanlig.

Det var godt å koma heim til Talgje og møta familie og venner. Reidun hadde gjort ein kjempejobb både inne og ute. Det er ho som har stått på slik at eg kunne oppleva denne flotte tida i Grønland.
Det ser ut til at det kan bli ein kort tur tilbake til Grønland neste sommar. Det er søkt om pengar til eit treårig prosjekt på Upernaviarsuk forsøksstasjon. Det går ut på å setja opp eit engelsk plastveksthus på 7 x 20 meter som kan tåla det ekstreme vær og klima i Grønland. Det vil og bli lagt inn varmluft, basert på diesel som brensel.
Samtidig skal det setjast opp ein 2 meter høg og 100 meter lang lévegg. På begge sider av léveggen skal det plantast trær og buskar som skal vera med å laga eit betre dyrkningsklima for grønsaker inne på stasjonen.
Viss dette lukkast, ja då vil vekstsesongen for mange grønsaker kunna strekkja seg frå mars til oktober mnd. Og grønlandske bønder kan starta opp med ein produksjon av ferske grønsaker både til eige hushald og det lokale marked.
Eit sterkt ynskje for neste tur er å reisa saman med Reidun. Har lyst at ho òg skal få oppleva dette.
Så følg med, denne bloggen vil på ingen måte sovna inn med det første.