fredag 30. mai 2008

Kart over Grønland

At Grønland er ei stor øy hugsar me frå skuletida. Men når Syd Grønland er på same breiddegrad som Bergen og Polarsirkelen ligg så "langt" sør på øya, ja då anar me store vidder. Og det er god plass til dei 58.000 innbyggerane.

Fakta om Grønland

Sjå på denne sida, verkeleg mykje bra - http://www.southgreenland.gl

fredag 16. mai 2008

Avreisedato.

Juliannehåp, den største byen i Syd Grønland med 3000 innb.

Så er billettar til Grønland bestilt.

Avreise fra Sola mandag 30.juni til København. Overnatting på hotel og vidare til Narsarsuaq på Grønland om tirsdagen. Det er kun 2 hovedflyplasser på Grønland, så vidare reis blir med helikopter til Qaqortoq (Julieannehåp). Litt handling av nødvendige ting i byen og så med privatbåt til Upernaviarsuk (10 km). Det er ei veilaus bygd med 4-5 innbyggerar. Litt fleire om hausten, ca 10-12. Denne forsøksstasjonen driv med allsidig grønlandsk hagebruk. Grønnsaker i veksthus og på friland, planteskuledrift med stauder, trær og buskar. Dessutan villsau og litt kveg.
Klimaet i Syd Grønland er som eit norsk høgfjellsklima. Varmt om dagen, men kalde netter. Mykje fisk både i sjøen og i elvane, mulig jakting på rype og hare om hausten.

Reise til Grønland?

Gartner i Grønland. Upernaviarsuk forsøksstasjon søker etter gartnervikar nær Juliannehåp på sydspissen av Grønland. Denne annonsa stod i Gartneryrket på vårparten 2008. Så for å gjera ei lang historie kort - eg reiser til Grønland 1.juli og vender tilbake til gamlelandet i midten av oktober. Spennande - følg med. Håpar at dette vil bli ei god oppleving. Snakkes.