tirsdag 20. desember 2011

Tilbake til Grønland







Midt i august var det retur til Grønland via Island. Elleve herlige dagar i lag med ei reisegruppe frå Rogaland.

søndag 18. oktober 2009

Orkan!


For godt ei veke sia fekk dei oppleva ein vanvittig orkan på forsøksstasjonen. Ein fønvind med retning frå der som bilde er tatt, raste med 40 sek.meter i 1 1/2 døgn. Med det resultat at den lange leveggen blei lagt flat. Heldigvis holdt drivhuset stand og ingen skade. Så sterk vind er meir enn orkan, då er det berre ein ting å gjera; halda seg innomhus.

lørdag 26. september 2009

Efa på Gjennestad


Efa har nå starta på sin gartnerutdanning på Gjennestad. Skal gå der i 2 år. Møtte han på åkeren der han er med på gulrotopptak i lag med familien Nødland.

Merkar på Efa at norsk-språket er blitt mykje betre, sjølv om han tykkjer det er tøft å fylgja med på skulen. "Ja vi kan! Ja du kan!" minner eg han på kvar gong vi treffes. Utvikling i språk vil alltid gå i etappevis. Nå har Efa kommt så langt at dette vil berre gå framover.

tirsdag 11. august 2009

ISLAND


Typisk siste bilde fra ombordstigning!

Blomstene levert til flyplassen i Narsarsuaq har greidd seg bra.

Returen heim går over Island med ei overnatting i Reykjavik. Her er det sommar og deilig vær. Helikoptertur på Grønland er alltid like fasinerande med passering av fjell som ligg endå høgare.

Tur til Lars og Margrete Nielsen

















Langt avgarde med båt, inn ein lang fjord som heiter "dårlig fjord" ligg det to einbølte gardar. Her kan både vinter-is, hav-is og bre-is skapa store problemer, derav navnet. Dei driv allsidig med sau, chinchilla, filting og turisme. Ein svoger kom frå Fiskå, Kristen Grødem.
Tidleg på sommaren hadde dei besøk av ei isbjørnbinne med to ungar berre få meter frå huset. I heile tatt er det blitt fleire isbjørnar som kjem sørover med havisen. På ein helikopterrekognisering blei det sett 14 stk.

Oppdrag utført !


Tidleg krøkast!


To bondekoner på kurs for å læra grønsaksdyrking



Oppdrag utført og ferdig. Levegg og veksthus er på plass. At det vil ha god nytte er det ingen tvil om. Spørsmålet er om dei tåler grønlandsk klima og vind. Både levegg og veksthus skal prøvast i tre år. Leveggen er bygd med 45 % åpning for å bremsa vinden. På kalde vårdagar kan det gi 3-5 grader høgare følt temperatur for plantene. Det betyr mykje når mange grønsaker blir dyrka på kanten av det som er mulig. På begge sider av leveggen skal det plantast både poppel, gran, pil, rips og solbær.
I veksthuset er det mulig å dyrka kva som helst. Det skal installerast ein varmluftsbrennar og då er det fullt mulig å dyrka grønsaker frå 1.april til ut oktober.
Det er alt vist interesse for prosjektet. Det vil ta tid å modnast, men eg har oppnådd det som var tanken med det. Folk ser med eigne auger at det er mulig å gjennomføra og at det er penger å tena.

fredag 7. august 2009

Prosjekt




Prosjekt levegg og veksthus er i ferd med å avsluttas. Eit fantastisk jobbevær med kun litt regn i morgentimane i dag, ellers bare sol og god temperatur. leveggen er også snart ferdigmalt av elevane. Drivhuset får plasten på i dag og tilplanta i neste veke. Reiser heim på tirsdag via Island.

fredag 31. juli 2009

Kva skjer ?

Pr i dag er le-veggen så godt som ferdig. Port skal lagast, har fått oversendt forslag til utforming av Vidar. Så er det full fart vidare på neste prosjekt. Veksthuset har ankomme Qaqortoq og er ventande inn til Upv. i morgentimane. Skal normalt montera eit slikt hus på 4 dagar. Mandag og tirsdag blir 4 lokale bønder med ( derav 3 damer og 1 mann). Då skal vi ha kurs i bygging av veksthus opg kva muligheter det er til å dyrka innomhus, spennande. Og det nettopp damene eg har mest tru på i grønnsaksdyrking. Mennene ser på det som kvinnfolkarbeid! Ellers har eg opplevd nesten 4 veker utan regn, kun ein dag. Værvarselet framover er sol, sol og sol.

tirsdag 28. juli 2009

Konsulent


Hendrik, nærmaste nabo, 10 km lenger inne i fjorden kjem for å visa fram isbergsalaten sin. "Bra," seier sjefsgartner og bergenser Anders Iversen, "men du må venta 3 veker til før du kan levera".

Fru Kielsens vei


Ei dame eg møtte i sin hage i Qaqortoq fortalde følgande problemstilling.Ho spadde og grov i jorda for å leggja ein hellegang."Denne her er fordi min nabokone, fru Kielsen, alltid går gjennom min have når hun skal inn til byen. Så for ikke å tråkke hvor som helst, så vet hun nå hvor hun skal gå. Og så har jeg kalt veien for fru Kielsens vei. Og det er hun veldig fornøyd med!" Det må ein kalla sunn fornuft og eit utmerka godt naboskap.

GRØNLANDSK SPRÅK OG UTDANNING


Då Hans Egede kom til Grønland på 1720-talet fans det bare munnlig språk blandt inuittane. Paul Egede (son) skreiv den første ordboka i 1750. Seinare kom det stadig forbedringar og til sist ei ny ordbok i 1977.

Sidan Grønland er tospråklig blir dei fleste aviser, fagtidsskrift og magasiner utgitt på grønlandsk og dansk.

Barna startar på skulen som 6-åringar og har 10-årig skule som oss. Seinare er det vgs akkurat som i Norge. Nå er Grønland eit svært grisgrendt land, med mange små og avsidesliggjande bygder. Difor er det lov å gi barna heimeundervisning til og med 7.klasse.

Efa vaks opp i Atammik, ei lita fiskarbygd på vestkysten med 150 innb. Der gjekk han på skule til han var ferdig med 9.klasse. Då måtte han flytta til Maniitsoq (Sukkertoppen), ein større by på 2000 innb. Budde på skuleinternat i lag med 5-600 andre elevar og reiste heim kun til jul, påske og sommarferie. Der er det også vgs.

NORSK-GRØNLANDSK TIME




Efa har vore praksiselev ved Gjennestad gartnerskole i eit halvt år. I august startar han på to-årig gartnerutdanning. Då gjeld det å forbedra norskkunnskapen. Fem kveldar i veka har vi ein skuletime. Eg les først eit ord og han etter, så ein setning og han etter. Seinare eit heilt avsnitt. Alt gjennom ti ganger. Til slutt skriv han diktat eller ei lita forteljing.


Til gjengjeld lærer eg litt grønlandsk, i kveld utveksla vi oppskrifter. I fravær av husmor som er på ferie i Danmark, står han for alt matstell, rydding og vask på skulen. Han skjemmer bort desse gutane. Men dei er flinke til å fiska og reinska den. To kveldar har dei vore ute på fjorden og fått ca 100 torskar pr gong, kvar på 1-2 kg

onsdag 22. juli 2009

Bare sol og sommar


Slik har det vore dei siste 14 dagane og langtidsvarselet seier det same. Førsteslåtten starta i går. Tynnt gras, men meir enn i fjor då bøndene berre fekk 50 % av normalavling.
Har også starta med å laga til levegg. Skulle ha brukt gravemaskin til å grava 50 hål i bakken. Nei den virka i fjor, men ikkje i år fekk eg vita i går. Det betyr handgraving i morenegrus. Fordelen er at fettpølsa rundt midten skrumpar faretruande inn og søvnen om kvelden kjem nesten før eg har lagt hovudet på puta. Fortsatt god sommar.

lørdag 18. juli 2009

Dagar som kjem og går.


Ektepar fra Australia med guiden Martha i midten

Nr 1 og 3 fra venstre kjem fra Ukraina. Han
opposisjonspolitikar i Parlamentet.

Fønvind

Den siste veka har det vore mykje jobbing i gartneriet. Torsdag kom det kraftig fønvind og på få minuttter steig temperaturen med 7-8 grader til 24-25, pluss ekstremt tørr luft. Då er det berre ein ting som gjeld - VATNA! Så vannspredarane har surra og gått nesten døgnet rundt. I dag har eg vore i byen på trelasten og handla materialer til 120 x 2 meter levegg. Meininga er å laga eit godt klima for grønsakene ute på friland. Det har eg stor tru på skal lukkast.
Ellers så kjem det stadig turistar. Hadde besøk av fire frå Norge i dag- skjelden kost. I morgon kjem 25 hobbybotanikerar frå Danmark. Floraen i Grønland er på ca 100 blomstrande arter + ca 50 andre (gras, mose o.l.)
Om ei veke er det spennande om veksthuset kjem med båten frå England via Danmark. Ellers må eg reisa heim med uforretta sak. Har prøvedyrking av agurk og tomat i eit lite drivhus og leverer agurker inn til byen for kr 36 pr kilo!

mandag 13. juli 2009

Rolige sommardagar.




På forsøksstasjonen har vi vi veksla mellom luking i staudebedda, vatning av planter, fjellvandring og avslappning. Her kan ein verkeleg finna roen. Men det var 1000vis fleire mygg enn i fjor. Litt fuktigare vær, varme og alle sauene til fjells gjorde sitt til at vi har fått maaange kløande stikk.
Turistar har det og vore mange av, både lokale og fra Danmark, Spania, Irland og USA.
Reidun reiser heim på tirsdag via Island. Har vore gildt å ha ho her, kjem til å sakna henne.