fredag 31. juli 2009

Kva skjer ?

Pr i dag er le-veggen så godt som ferdig. Port skal lagast, har fått oversendt forslag til utforming av Vidar. Så er det full fart vidare på neste prosjekt. Veksthuset har ankomme Qaqortoq og er ventande inn til Upv. i morgentimane. Skal normalt montera eit slikt hus på 4 dagar. Mandag og tirsdag blir 4 lokale bønder med ( derav 3 damer og 1 mann). Då skal vi ha kurs i bygging av veksthus opg kva muligheter det er til å dyrka innomhus, spennande. Og det nettopp damene eg har mest tru på i grønnsaksdyrking. Mennene ser på det som kvinnfolkarbeid! Ellers har eg opplevd nesten 4 veker utan regn, kun ein dag. Værvarselet framover er sol, sol og sol.

tirsdag 28. juli 2009

Konsulent


Hendrik, nærmaste nabo, 10 km lenger inne i fjorden kjem for å visa fram isbergsalaten sin. "Bra," seier sjefsgartner og bergenser Anders Iversen, "men du må venta 3 veker til før du kan levera".

Fru Kielsens vei


Ei dame eg møtte i sin hage i Qaqortoq fortalde følgande problemstilling.Ho spadde og grov i jorda for å leggja ein hellegang."Denne her er fordi min nabokone, fru Kielsen, alltid går gjennom min have når hun skal inn til byen. Så for ikke å tråkke hvor som helst, så vet hun nå hvor hun skal gå. Og så har jeg kalt veien for fru Kielsens vei. Og det er hun veldig fornøyd med!" Det må ein kalla sunn fornuft og eit utmerka godt naboskap.

GRØNLANDSK SPRÅK OG UTDANNING


Då Hans Egede kom til Grønland på 1720-talet fans det bare munnlig språk blandt inuittane. Paul Egede (son) skreiv den første ordboka i 1750. Seinare kom det stadig forbedringar og til sist ei ny ordbok i 1977.

Sidan Grønland er tospråklig blir dei fleste aviser, fagtidsskrift og magasiner utgitt på grønlandsk og dansk.

Barna startar på skulen som 6-åringar og har 10-årig skule som oss. Seinare er det vgs akkurat som i Norge. Nå er Grønland eit svært grisgrendt land, med mange små og avsidesliggjande bygder. Difor er det lov å gi barna heimeundervisning til og med 7.klasse.

Efa vaks opp i Atammik, ei lita fiskarbygd på vestkysten med 150 innb. Der gjekk han på skule til han var ferdig med 9.klasse. Då måtte han flytta til Maniitsoq (Sukkertoppen), ein større by på 2000 innb. Budde på skuleinternat i lag med 5-600 andre elevar og reiste heim kun til jul, påske og sommarferie. Der er det også vgs.

NORSK-GRØNLANDSK TIME




Efa har vore praksiselev ved Gjennestad gartnerskole i eit halvt år. I august startar han på to-årig gartnerutdanning. Då gjeld det å forbedra norskkunnskapen. Fem kveldar i veka har vi ein skuletime. Eg les først eit ord og han etter, så ein setning og han etter. Seinare eit heilt avsnitt. Alt gjennom ti ganger. Til slutt skriv han diktat eller ei lita forteljing.


Til gjengjeld lærer eg litt grønlandsk, i kveld utveksla vi oppskrifter. I fravær av husmor som er på ferie i Danmark, står han for alt matstell, rydding og vask på skulen. Han skjemmer bort desse gutane. Men dei er flinke til å fiska og reinska den. To kveldar har dei vore ute på fjorden og fått ca 100 torskar pr gong, kvar på 1-2 kg

onsdag 22. juli 2009

Bare sol og sommar


Slik har det vore dei siste 14 dagane og langtidsvarselet seier det same. Førsteslåtten starta i går. Tynnt gras, men meir enn i fjor då bøndene berre fekk 50 % av normalavling.
Har også starta med å laga til levegg. Skulle ha brukt gravemaskin til å grava 50 hål i bakken. Nei den virka i fjor, men ikkje i år fekk eg vita i går. Det betyr handgraving i morenegrus. Fordelen er at fettpølsa rundt midten skrumpar faretruande inn og søvnen om kvelden kjem nesten før eg har lagt hovudet på puta. Fortsatt god sommar.

lørdag 18. juli 2009

Dagar som kjem og går.


Ektepar fra Australia med guiden Martha i midten

Nr 1 og 3 fra venstre kjem fra Ukraina. Han
opposisjonspolitikar i Parlamentet.

Fønvind

Den siste veka har det vore mykje jobbing i gartneriet. Torsdag kom det kraftig fønvind og på få minuttter steig temperaturen med 7-8 grader til 24-25, pluss ekstremt tørr luft. Då er det berre ein ting som gjeld - VATNA! Så vannspredarane har surra og gått nesten døgnet rundt. I dag har eg vore i byen på trelasten og handla materialer til 120 x 2 meter levegg. Meininga er å laga eit godt klima for grønsakene ute på friland. Det har eg stor tru på skal lukkast.
Ellers så kjem det stadig turistar. Hadde besøk av fire frå Norge i dag- skjelden kost. I morgon kjem 25 hobbybotanikerar frå Danmark. Floraen i Grønland er på ca 100 blomstrande arter + ca 50 andre (gras, mose o.l.)
Om ei veke er det spennande om veksthuset kjem med båten frå England via Danmark. Ellers må eg reisa heim med uforretta sak. Har prøvedyrking av agurk og tomat i eit lite drivhus og leverer agurker inn til byen for kr 36 pr kilo!

mandag 13. juli 2009

Rolige sommardagar.




På forsøksstasjonen har vi vi veksla mellom luking i staudebedda, vatning av planter, fjellvandring og avslappning. Her kan ein verkeleg finna roen. Men det var 1000vis fleire mygg enn i fjor. Litt fuktigare vær, varme og alle sauene til fjells gjorde sitt til at vi har fått maaange kløande stikk.
Turistar har det og vore mange av, både lokale og fra Danmark, Spania, Irland og USA.
Reidun reiser heim på tirsdag via Island. Har vore gildt å ha ho her, kjem til å sakna henne.



onsdag 8. juli 2009

GRØNLAND/QAQORTOQ





Fredag den 3.juli landa vi på flyplassen i Narsarsuaq. Det var nesten som eg var der "i går". For Reidun var alt nytt sjølv om ho hadde opplevd mykje på bilder fra før. Etter ei natt på Youth Hostel med snorkande "burugle" og bortimot badstutemp. på eit 6-manns rom, drog vi ut på ein tredagars gåtur i storslått natur og flott vær. Advarsel om vandrande isbjørn i området gjorde oss litt skeptiske, men rett før avgang kom det beskjed om at bjørnen var skoten.
Stor vannføring i elvane gjorde vei og stiar litt uframkommelige. Derfor måtte vi ha båtskyss over første elv, vassa den neste og traktorskyss over den siste.
I dag er vi i byen Qaqortoq. Har handla inn litt mat og ventar på båt ut til forsøksstasjonen- Upernaviarsuk.

torsdag 2. juli 2009

Traktoregg !


Utrulig mange siloballar og store vidder.


Språk på Island


-kun ein om gongen over brua.


WC

-skal det vera ei lommebok. Helst stor, for det er mange og store sedlar i isl.kr.

ISLAND


Byvandring i Reykjavik

Tingvallir

Geysir

Gullfoss

Kyrkja i Skålholt

-på vei til Grønland. Denne gongen er det både Reidun og eg som reiser. Har mellomlanda på Island, leigd oss bil og farta litt rundt i nærområdet. Byvandring i Reykjavik Besøkt både Tingvallir, Geysir og Gullfoss. Og ikkje minst Skålholt der det store dramaet om dei utflytta Talgjebuane utspant seg på 1400-talet. Mykje flott landskap og store vidder.