tirsdag 30. september 2008

Haust





Det er blitt haust med mange fine fargar og kalde netter……….

Torskefiske.



Har prøvd å fiska, men ikkje det heilt store. Eit par torskar i ny og ne. Sist eg var i byen stoppa vi ved ein holme. Med eit snøre, to rusta krokar og ein fastnøkkel til søkke så drog vi opp så mykje torsk vi bare ville. På 5-10 meter dybde var det så tett med fisk at snøret kom ikkje lenger ned.

Amerikanerar i Grønland under 2. verdenskrig.



Grønland bad tidlig USA om beskyttelse under siste krig og sommaren 1941 bygde amerikanarane flyplassen i Narsarsuaq. USA trengde ein landingsplass på vei mot Europa. I desember 1941 erklærte USA krig mot Japan, Tyskland og Italia. Rekorddagen for fly (130 stk) som landa her var 4.juni 1944. Dei var på vei mot landgangen i Normandie. På det meste var her stasjonert 10.000 militært personell.
Basen vart også brukt under Koreakrigen i midten av 50-talet, eit kjempestort hospital for såra og døyande amerikanarar.
Grønland overtok flyplassen i 1958. Mange rester står ennå igjen. Ein god del av mannskapsboligane er gjort om til hotell, men ennå kan ein sjå stil og kjenna på lyder frå krigens dagar. Ei brakke er gjort om til eit utrulig bra museum.

Cruiseskip.



Grønland har blitt eit svært populært mål for cruiseturistar. På bare få år har antalet stege med 50 % med 2008 som det travlaste. Bare i Qaqortoq har det vore nærmare 40 skip. Det siste kjem nå til fredag med over 3000 passasjerar. I gruppvis kjem dei i småbåtar inn til havna og får oppleva folkedans, kaiakkoppvisning, guiding, gode historier og sjølsagt ein god handel. Travelt, men ei god inntekt for alle innvolverte.

Flotte båtar og rike folk



Har du høyrt om Roman Abramovitsj, den russiske multimilliarderen som er sterkt innblanda i fotballaget Chelsea. Han har og vore her ; i Grønland. I alle fall båten hans. Då eg tok helikopter til Narsarsuaq på laurdag så kunne eg sjå den nede ved havna. Ruvande som ei Tauferja og flott som ei svane. Måtte bare ned å sjå på Le Grand Bleu. Om bord var det ein stor seilbåt, sikkert på 35-40 fot og ein luksusbåt på det same. I tillegg to helikopterdekk og mykje mannskap. Kor sjefen sjølv var er eit godt spørsmål. Rykte sa at han hadde vore hjå tannlegen i Qaqortoq. Tre av oss landbruksfolka inviterte oss sjølv om bord, men det passte visst ikkje!

lørdag 27. september 2008

Unartoq (Dei varme kilder)


Lengst sør, på ei lita øy ligg Grønlands einaste varme kilde. Der har me vore i dag. Ein båttur på 85 km ein vei, regn og 2-3 grader med snø i fjellet. Då var det godt å bada i 40 graders varme, berre nyta det. Kvar halvtime boblar det opp nytt vatn, det gjere godt i kroppen.Takk for turen til Geert frå Weibull Frø som spanderte. Ein selgar frå Danmark er på besøk her på Upernaviarsuk.

tirsdag 23. september 2008

Hullet



Narsarsuaq betyr sletta ved fjorden. Her ligg også hovudflyplassen for Syd Grønland anlagt av amerikanerane under siste verdskrig. Vidare innover dalen går det ein kjempe isbrearm inn til innlandsisen. Ca 20 km inne ligg det eit stort vatn som heiter Hullet, ca 200 meter djupt og 4 km2 stort. Kvart år i september/oktober går proppen. Dvs. at vanntrykket blir så stort på isen at den blir pressa opp og alt vatnet fløymer ned over dalen og ut i fjorden på ei snau veke. Elva stig 4-5 meter og dreg med seg store mengder sand og grus.

Harejakt.




På hytteturen måtte vi prøva harejakt. Rasmus bur og arbeider i Grønland, derfor har han lov til å jakta mot å kjøpa jaktkort. Han er ein ivrig jeger og har tidlegare skote fleire reinsdyr. Innover ein mektig dal, med seks havørnar hengande over oss heile tida, vandrar vi langs ei breelv. Vatnet er kvit som mjølk, men det myldrar av fisk, røyer på 1 til 3-4 kg. Så inn mellom bjørkekratt sit haren kvit og fin. Jegeren siktar og haren fell med eit velretta skot. Eit ordtak seier: ”Det er ikkje fint å skrøyda, men ein jeger som har nedlagt sitt bytte, går ikkje heim gjennom sidegatene.”

Skog i Grønland.



Utrulig men sant, det er skog i Grønland. Det meste planta, men og litt naturlig. Ein gjeng på to islendingar, ein grønlenderar, ein japaner og ein nordmann skulle måla opp ein ny skogplantasje på heile 1000 da. Her er det meininga å planta 300.000 tre over ti år med tanke på uttak av trevirke om 100 år. Langsiktig, ja men det er fullt mulig. Ein liten skog på same staden, planta for snart 50 år sidan, er beviset.

fredag 19. september 2008

Framtid i Sydgrønland.


Den første januar blir Grønlands 21 kommunar gjort om til 4 storkommunar. I sør blir tre kommunar slått saman til ein kommune på 52.000 km2, litt større enn Danmark og med 8.500 innbyggjarar. Kujalleg skal den nye kommunen heita.
Det er alt store visjonar for framtida. Nytt kulturhus med symjehall i kommunesenteret Qaqortoq, 90 km vei, gjennom fjell og under fjord, inn til flyplassen Narsarsuaq. Qaqortoq er allereie ein utdanningsby og vil utvida tilbodet. Med hovudsetet for Nordbuarplassen Brattahlid plassert langs den nye veien vil turismen auka kraftig. Vasskraft er alt tatt i bruk og vil kunna utvidast. Ei frå før lita hamn treng større plass. Alt dette vil også føra med seg auka busetjing og dermed også meir areal til bustadar.

Då Grønland var norsk.


Frå gamalt av høyrde Grønland, Island og Færøyane til Norge. I år 1814 vart unionen mellom Danmark og Norge oppløyst som følgje av Kieltraktaten og Noreg vart tvinga inn i ein ny union med Sverige. Dei gamle norske skattlanda Grønland, Island og Færøyane vart ”gløymde” og beholdt av Danmark. Då Norge vart fritt i 1905 oppstod diskusjonen om Grønland eigentlig høyrde Norge til. Den norske utanriksminister meddelte at Danmark kunne utvida sine politiske og økonomiske interesser i Grønland utan å møta motstand frå norsk side. Dermed var bråket i gang.
Den 27.juni 1931 okkuperte Norge eit stort ubebudd område på Øst-Grønland. Her hadde Norge i mange år drive med jakt og fiske. Området vart kalla Eirik Raudes Land. Seinare vart også eit ubebudd område lenger sør okkupert av Norge. Helge Ingstad vart utnevd til sysselmann.
Same dag som Norge kunngjorde at deler av Grønland var okkupert førde Danmark saka inn for Domstolen i Haag. Saka trakk ut, men den 5.april 1933 tapte Norge på alle punkter. Kong Håkon tok dette svært tungt.
Norge hadde gitt namn til mange stader i Øst-Grønland, men berre eit fåtal av stadnamna vart godkjend av danske styresmakter.

Grønlands språk.

Det seiest at det grønlandske språk er vanskeleg å læra og det forstår eg godt. Men uttalen er stort sett slik som det blir skreve, berre det at nokre ord kan bli utrulig lange. Ein startar ei setning med eit verb og så blir alle tilleggsorda lagt til utan mellomrom.
Alle elevar i skulen må også læra dansk pluss engelsk. Stort sett kan alle bra dansk, men dei frå mindre bygder slit mest. Dei er så heilt avhengig av kva lærar dei har hatt og sjølvsagt kor mykje dei vil læra sjølv. Dessutan bur jo dei fleste danskar i byane i Grønland og dermed så blir ikkje dansk brukt i det daglige ute i distriktet.

Gudsteneste i Qaqortoq







På søndag var eg på grønlandsk gudsteneste; nett som heime med dei fleste langt bak i kyrkjesalen og mesteparten som kom to min på 10. Nokså lik ei norsk gudsteneste, men forstod nesten ikkje eit ord. Likevel kjende eg på fellesskapet. Ca 150 frammøtte, mest eldre kvinner, men også nokre unge par med barn. Presten hadde den gamle svarte prestekjole med kvit krage. Gudstenesta varde i ein time og når postludiet starta gjekk alle ut.

torsdag 18. september 2008

Heidi inuuissiorpoq (som har bursdag)

Hurra for Heidi som fyller år i dag den 18.september. Her i Grønland kan ein feira bursdag uten at hedersgjesten er til stades.Eg har invitert til "kaffimik" kl 19 i mårå kveld nede på skulen. Då er alle ti bedt på kaffi og kake for å feira Heidi. Eg skal visa ein flott Dvd frå Nord Norge som nett er kommen i posten + litt bilder frå Talgje og Rogaland.
Etter to koppar kaffi og litt kake så er det høflig å sei "qujanag" (takk) og så er festen over. Det blir heller ikkje sagt mykje under ein slik "kaffimik".

mandag 15. september 2008

Farvel til Grønlands natur?



Navnet Grønland kallar fram bilder av ein mektig natur, eit svært rikt dyreliv og av jaktmannen i sin kayakk som lever i balanse med naturen. Kayakken som fangstbåt er for lengst på museum. Nå er det store og raske båtar som blir brukt og det er kapitalkrefter som bestemmer. Faren er at jakt, fangst og fiske er så enorme, slik at den storslåtte natur kan tømast for dyreliv innen få år. Samtidig pågår avsmeltinga i nordområda så fort at spådommane seier at Nordpolen kan bli isfritt innen 15-20 år! Her som andre plasser i verden er diskusjonen stor mellom forskerar og dei som lever av naturresursene.

fredag 12. september 2008

Slaktedag


Onsdag skulle vera den store dagen her med slakting av storoksen, Angut. Det er ikkje berre å ringja til Agro og så kjem det ein bil frå Rennesøy transport. Her må dyrlege vera på plass for å godkjenna slaktinga. Dyrlege og båt kom, men det blei usemje om flåing og partering mellom slakteriet og dyrlegen. Angut fekk seg ein dag til!
Neste dag kjem ein båt i full fart ute i fjorden. Dyrlegen kjem på nytt forsøk angåande stuten og denne gongen smell det. Kl 9.45 var Angut sine 4 år talde. Slakta, partert og flådd, så vidare med båt til slakteriet i Narsaq for modning. Meininga er å selja kjøtet til ein restaurant i Nuuk.

Potetopptaking




Poteter har det vore dyrka i mange, mange år i Grønland, men mest til eige bruk i hagen. I dei seinaste år også for kommersielt salg. Nå er årsproduksjonen oppe i 100 tonn, men det er på langt nær nok til å dekkja eige forbruk. Her på Upernaviarsuk har vi eit prøvefelt av 18 forskjellige potetsorter. Forsøket blir nøye vurdert av det danske plantedirektorat, neste år håpar ein også å få prøvd nokre gode sortar frå Nord Norge.
I dag bestemte vi oss for å ta opp potetene. Det meste av lauvet er visna,og så var det så godt og lageleg vær. Kanskje me kunne få hjelp av to småjenter som er på besøk hjå mormor Marlene. Utrulig kva små flittige hender kan hausta i bøtter etterkvart som Efa og og eg spadde opp sort for sort. Dei var med på vegnig og merking av kvar sekk med navn og kilo. God praktisk læring for Viktoria og Silvia Ambrosia!

Marlene





Her på stasjonen er det også treårig jordbruksskule, ca 5 elevar på kvart årskull. Første års studentane er ute i praksis hjå lokale bønder. Tredje års studentane er i praksis på Island. Og dei i andreklasse er i praksis her på skulen. Men det har lenge vore sakna ei husmor. For to veker sidan kom Marlene hit, ho er godt 60 år og dyktig til å halda orden og laga mat. Elevane er mine ”børn” seier ho og dei er godt fonøyd. I dag kom flyttelasset, mormor har besøk av sine barnebarn så nå blir det full utpakking.

Internett på Grønland

Internettkapasiteten her på Grønland er ikkje det heilt store ennå. Men nå i desse dagar blir det lagt ein ny nettkabel frå Island via Qarqortoq i Grønland og til Canada På laurdag var det stor fest i byen der Tele Greenland spanderte kaker og kaffi. Kabelen kom i land her på denne dagen! I dag, torsdag, såg eg på grønlandsk fjernsyn at kabelen var komen til Nuuk.

Grønlands mesterskap i fotball



Ein liten heima patriot
I slutten av august arrangerte Qaqortoq Grønlands cupmesterskap i fotball. Det heile blir avvikla på ei veke. Kvart distrikt stiller med sine favorittlag. I strålande vær, med full fjernsynsdekning og mykje folk gjekk finalen mellom K 33 (Falk 33) frå Qaqortoq og eit lag frå Nuuk. Dei frå Nuuk vann på eit lusemål heilt i slutten av kampen. Nivået på Grønlandsk toppfotball tilsvarar norsk 2-3 divisjon.

Utvandra Talgjebuar

Ingemund Utrymson og Holmfrid Anundsdatter gifta seg i Talgje kyrkje den 2.juni 1366. Ingemund kom frå Dale på Rennesøy mens Holmfrid var frå Gard på Talgje. Ei av bryllupsgavene denne dagen tilsvarar ein verdi av 20 mill. kr i dagens verdi. Så dei var av rik og høg ætt.
Talgje kyrkje er bygd i år ca 1140 og ligg på øya Talgje i Finnøy Kommune (Rogaland).
Dei fekk seinare ei dotter, Gudrid(Gudridur) f 1370. Ho gifte seg med Vigfus Ivarson og busette seg på Island.
Den 14.oktober 1436 vart dotter deira Margrèt Vigfusdottir f. ca 1410- d.1486 gift med Torvadur Loftsson d.1446 etter ei dramatisk historie. Dei fekk tre døtre som alle vart gifte og førde slekta vidare på Island.
Som guide i Talgje kyrkja har eg ofte fortald denne historia og slutta med: ”Det hadde vore interessant å vita om det fins folk på Island som kan føra slekta si tilbake til Talgje.”
Så då eg var i Brattahlid her i Grønland for ei veke sidan, møtte eg eit islandsk ektepar. Eg kom til å fortelja om Talgje og dette bryllupet i håp om at dei kunne vita noko. I tillegg sende eg ein mail til dei om heile historia. Etter nokre dagar får eg svar. Både Gudjón Kristinsson og Jóna Sveinsdóttir er 19. sleksledd etter Ingemund og Holmfrid!! Islendingar er kjend for å ha orden på slekta bakover.

Greenland Adventure Race







Frå onsdag til søndag er det avvikla eit ekstremløp i Qaqortoq som heiter Greenland Adventure Race. Det er eit fem dagars løp, padling, sykkel og topptur. Dette året var det med 10 lag, to og to saman, eit damelag. Som ”vanlig” blei det ruskevær.

mandag 8. september 2008

INFO

Kjekt med alle som les bloggen. Viss du vil ta kontakt så er mail adressa jostein.gard@hesbynett.no
eller sms på mobil 90 05 92 81.

lørdag 6. september 2008

Kajakktur


20 km inn til botn!





Fortsatt 10 km inn til bruddkanten

Brattahlid
Leif Eiriksson






Eit av mine store ynskje med å reisa til Grønland var å få med seg ein padletur. Og gjett om det laga seg. Som før nemnt så har eg hatt besøk av mange spaniagrupper her på forsøksstasjonen. Trur det blei heile 15 turgrupper til saman. Då har eg tatt i mot dei på kaien, vist dei plass i Turisthuset, som regel kokt ei rabarbrasuppe og laga Ingrid-kake. Neste morgon har eg guida dei i området. Som betaling fekk eg ein tur med http://www.tasermiut.com/. Først ein og ein halv time frå Qaqortoq med Zodiac(gummibåt) i 40 knops fart til Narsarsuaq. Derfrå bar det rett til fjells med ei turgruppe på 6 spanjolar pluss meg som nordmann. Godt at to av dei kunne snakka svært godt engelsk.
Starten gjekk i full sol og fint haustvær, men kalde netter. Då vi vakna neste morgon var det 4 minus og 10 cm snø! Dette er Grønland med fort skifte av vær, men ingen sure miner for det. Etter ein frukost i det fri, så drog vi vidare. Målet var ei turisthytte i 700 meter høgde, eller rettare sagt ein gapahuk med vegger. Om kvelden gjekk vi til kanten av Grønlands mest ytande isbre. Kvar dag ”renn” det ut ca 200 000 tonn is i fjorden! Bruddkanten er 80 meter høg og stadig er det djupe drønn frå is som veltar ut i fjorden, mektig skue!
Natta var best i telt og nå var det 6 minus på morgonen, men sola vermde fort og snøen forsvann etter kvart. Det vart ein flott tur ned att til låglandet. Naturen minner mykje om høgfjellet på Hardangervidda.
Om kvelden drog vi over fjorden til vandreheim i Brattahlid, det var her Eirik Raude budde for 1000 år sidan. Og det er mange spor etter han og hans folk gjennom mange hundre år. Endå til ein fjelltopp som heiter Sola-toppen! Mange ruinar er gravne fram og det er laga rekonstruksjonar av både kyrkje og langhus. Då vi hadde omvisning så vart det gjort stas på at her var samla ei frå Brattahlid, to frå Island og ein frå Rogaland der Eirik Raude kom frå. Måtte endå til syngja ein song – tok første verset av ”Mellom bakkar og berg….”
Inni mellom alt som skjedde så vart det og tid til båttur inn til same isbreen som vi hadde sett ovanfrå to dagar før. Vi var heldige som hadde vind i mot oss, då kunne vi gå nokså langt inn i fjorden. Likevel var det 10 km att til botn. Kjende godt kulden frå isen så det var godt med varme klede.
Så var det sjølve kayak-turen då. Først måtte me overnatta på Leif Eriksson Hostel. Låg på 10 manns rom med snorkande spanjolar som helst ikkje skal ha vindauga oppe. Det vart ei lang natt!
Nok ein strålande morgon og ut på tur att. Vandra gjennom eit flott beitelandskap på 15-20 km2 over til ein annan fjord som heiter Tasiusaq. Det var her vi skulle padla. Fjorden er pakka med isfjell i alle fasongar, storleikar og ikkje minst fargar. Vi fekk tildelt tomanns-kayakar og eg kom på lag med ein spansk botanikar-professor som aldri hadde padla før. Men han var van med mykje anna sport så det gjekk svært så greitt.
Guiden vår var frå Argentina og litt av ein kraftplugg. Siste året vart han mester i ekstremsport for lag i Sør Amerika. I løpet av fem dagar skulle dei ta seg fram 550 km i kayakk, på sykkel, klatring og løp. Han hadde berre sove 9 timar på 5 døgn!
Å padla i slikt område er berre heilt utrulig. Inni mellom stilla så kjem det brak som sterke toredrønn. Då er det isen som brest og lagar bølger slik at det blir reine dominoeffekten på andre isfjell som også brekk saman. Varsel om å halda seg på passe avstand er lett å forstå. Alt i alt padla vi ca 30 km på tre dagar. Det er ikkje eit kappløp, men ei oppleving ein berre kan drøyma om. Om kveldane finn vi brenne til bål og lever heilt primitivt på knekkebrød og mykje fiskehermetikk. Nettene overnattar vi i telt og søv faktisk godt tross tynne liggjeunderlag.
Så er turen over og vi dreg kvar til sitt. Spanjolane til 40 graders varme og eg med helikopter, berre 20 minutters tur og så er eg i byen att og ventar på bryggja på båten som skal ta meg ”heimatt”.

onsdag 3. september 2008

Tilbake fra tur

Er nå kommen "heim" igjen etter ei utrulig flott veke. Heilt kort- Fjelltur i telt fra sol og 15 grader til 10 cm snø og 6 minus. Tri dagars padletur mellom STORE iskolossar + mykje anna. Kjem tilbake med meir etter kvart.