onsdag 29. oktober 2008

Efa og Vivi (fiskaren)



Så er det i orden med Norges tur. Vivi, eller Hans Egede som han heiter, reiser til Kramvik ved Vardø den 12.november. Der skal han arbeida hjå ein sauabonde i eit år. Efa reiser til Gjennestad Gartnerskole 8.januar. Eg reiser til Gardermoen for å møta han og viser han til rette på Gjennestad. Han skal ha praksis på skulen fram til 1.juli. Han har søkt på skuleplass til hausten 2009.

onsdag 22. oktober 2008

Gåmann så varmt!



Starta frå Qaqortoq med helikopter i dag tidlig med minus 5 og snø. Ein flott flytur over islagde fjordar. I Narsarsuaq var det ca 10-15 minus, så det var stilongs, hua og vetter. Litt deilig å sjå storbyen,København igjen, men du så varmt. Trudde eg skulle renna av. Og klokka er jo bare 19 etter grønlandsk tid, så eg er ikkje bitten trøtte....

tirsdag 21. oktober 2008

Snipp, snapp, snute…….





……så var eventyret ute, i alle fall for denne perioden. Eg har hatt eit 4 mnd vikariat og nå er eg på veg heim. Det har vore litt av eit eventyr på mange måtar. Først og fremst var eg her på forsøksstasjonen for gjera ein jobb. Det har vore lærerikt, har møtt mange nye folk både frå Grønland og Danmark i hovudsak. Men også frå mange andre land som har vore her på besøk, som Spania, Frankrike, Sverige, Portugal, Japan, Sør Korea, England, Canada, Norge, Island, Færøyane, USA, Italia og Argentina. Nesten kvar dag har det vore ei ny overrasking.
Eg har levd svært enkelt. Då eg reiste heimefrå pakka eg klede og utstyr for ei veke og rekna med at det var nok for heile tida. Slik som eg har budd, så har eg laga det meste av maten sjølv, brukt ferske grønsaker rett frå åkeren, mjølk frå kua og fisk frå sjøen. Her er ingen butikk så pengeforbruket har låge på ca 150-200 kr pr veke. Kun ein fjernsynskanal med dårleg mottak og internett på PC’n kun inne i byen. Eg har ikkje kjørt bil, berre blitt kjørt ca 50 km. Traktor har eg berre brukt ein gong. Elevane kan, og likar det mykje betre enn eg.
I tillegg ein flott stillhet ute i naturen. Berre 500 meter å gå, så er eg rett inne i fjellheimen. Området eg har budd og reist i er på storleik litt større enn Danmark, men her bur ikkje meir enn ca 8 500 menneskje. Veier fins det nesten ingen av, her er det sjøen som er veien. Det har blitt fjell-, kayakk- og mange båtturar.
Er det så ingen minusar. Nå har eg vore her i den flottaste tida reint værmessig. Sommaren og hausten har vore den beste i manns minne. Det måtte vera kjemi-doen min, i alle fall til eg gjekk over til svenske-torv. Og språkmuren, eg tenkjer på alle dei gode historiene eg har godt glipp av. Men det har då ført til at eg har lært å lesa deira kroppsspråk og mimikk. Og så skulle Reidun ha vore her. Det har eg sakna mest!

lørdag 18. oktober 2008

”Isakbussen” frå Talgje til Grønland.




Det kan ofte bli venting på flyplassen i Narsarsuaq. Tekniske problem, dårlig vær enten her, i København eller Reykjavik. Då er eit besøk i museumet vel verdt. Ikkje noko prangande bygg, men eit utrulig bra innhald frå nordbuartida, danskane sin påverknad i Grønland og om amerikanarane sin militærbase frå 1941 til 1958. I avdelinga om Nordbuartida er det berre å la fantasien sleppa laus.
Så bli med på ein tur med ”Isakbussen” frå Talgje til Grønland.
Baron Isak Gauteson av Tolga ( 1243-1302)er stormannsson på Talgje. Han driv mykje handelstrafikk mot vest, til Shetland, Orkenøyane, Færøyane og Island. Det er tidlig på våren i året 1273 og skipet blir gjort klar for langreis. For første gang skal han sigla heilt til Grønland. Knarren duvar i sjøen og ligg godt fortøydd ved Ladberget. Dei som bur i Vesterled er heilt avhengig av varer frå Norge. Det vera seg verktøy, våpen, tømmer og andre nødvendige ting. Betalingsmiddel er skinn og kvalrosstenner i retur. Også nyhende frå Norge og Island er viktig å ta med seg til Grønland.
Kongspeilet frå 1230 seier at ingen må reisa ”mellomland” i tida frå 16.oktober til 1.april. I Grågås-lova frå 1169 står det - ”for at eit skip skal vera sjøført, må det ikkje lastast djupare midtskips enn at 2/5 av midtskipet er over vatnet.”
”Isakbussen” er ein stor havgåande knarr på 30 meter, 9 meter brei og rommet er 4 meter djupt. Masta er 23 meter høg og nede på dekk er den nærmare 50 cm i diameter. Skipet er bygd av eik og furu og har eit råsegl på 350 m2. Mastevanta er laga av fletta kvalrosskinn, likså dra-grepet til å heisa opp seglet med. Det er både sterkt og tek heller ikkje til seg fukt. Segl-skjøtene er laga av hestehår. Dei heldt seg mjuke og sterke sjølv i frostvêr. Råseglet er vevd i ull og sydd saman av kvinnene på garden.
Men det er travelt, lista er lang over varer som skal med på turen. Sjølv må du ta med deg det du treng av proviant som tørrfisk, røykt kjøt, graut, hardsteikt brød, vatn og mjød. Og tru ikkje at du er med som turist. Nei her blir det hardt arbeid og innimellom vaktene er det soveplass i ein skinnpose under eit telt som er spent over lasta i rommet.
Skipet har og med eit par kreatur og nokre sauer som skal leverast på Avaldsnes, der det også skal lastast om bord ein del varer.
Eigaren sjølv, Isak vil vera ”styrismand” på denne turen til Grønland. I sitt unge liv har han ikkje reist så langt før. Difor må han ha med seg los og ”ledsagemann” over havet til Island og Grønland. Isak gleder seg til turen, men det er også litt vemodig å sei farvel når dei dreg av stad. Veit at det vil gå langt ut på hausten før dei vender tilbake. Dei set seil straks dei får rodd seg ut på Gardsvågen og fort ber det av garde. I god bør kan dei sigla med 14 knops fart, men må nok venta til dei kjem ut av Karmsundet.
Været er fint og den litt kjølige vårvinden fører dei vestover med jamn sigling. Dei kan vonleg nå Færøyane på få døger.
Etter godt to veker seilas er både Færøyane og Shetland/ Orknøyane passert, det er berre kunsten å finna Island. Men her er det vanskeleg farvatn. Ein sterk nordvestleg storm bles opp og då er det berre å reva seglet, leggja seg på rek og ”sigla unna”. Men stormen varer ikkje så lenge, så etter ein dag og ei natt kan dei snu og atter venda mot Horn på Island. Men korleis finna fram utan kompass og Gps. Jo dei kunne det å navigera etter stjernene. Tang og tare i sjøen viste at dei nærma seg land, også fuglane sin fluktretning viste mot land. Og eit kanskje tvilsamt triks var å rista nokre lus ut av hårmanken ned på tofta. Den vegen lusa gjekk peika mot nord.
Endeleg kunne dei sjå land og då var kursen lett. Berre å fylgja kysten sør og mot vest. Og her ved Drangar var dei venta. Isak sitt søskenbarn og fleire av slekta hadde busett seg på Island. Det var sanneleg ikkje ofte dei såg kvarandre. Det blei stort etargilde og fleire dagar med mykje nytt både å høyra og spørja. Lasting og lossing var det andre som fekk ta seg av.
Men ferda måtte gå vidare. Det ville fortsett bli ei lang sjøreis før dei kunne nå dei Østerlandske bygdene i Grønland. Dog ikkje så mange dagane før kysten var å sjå. Men det var is og is så langt auga kunne nå og dei måtte halda seg passe frå land pga alt dette. Mang ein gong hadde Isak lytta til dei dramatiske historiene om den farlege sjøreisa til Island og ikkje minst til Grønland. Alt hadde han lagt seg på minne og tenkt at når han ein gong vart vaksen så ville det bli hans tur til å segla denne leia.
Ein Christoffer Huitfeldt eigde Gardå på Talgje på 1500-talet. I ei gamal bok les eg: ”- at Christoffer Huitfeldt, der 1541-43 var Lendsmand paa Island og 1542-1546 paa Bergenhus, i Aaret 1541, bragte med sig til Norge gamle Kursanvisninger paa Latin og Norsk, eller som det hedder, et Søkort at segle til Grønland”.
Etter fleire dagar i skodda og farlig is kan dei endeleg runda Kap Farvel. Og her er det mange landmerke å segla etter. Store fjell, markerte holmar og skjær. Ein lang tange som liknar ein kval (Hvalsø) skal vera eit godt merke.
Nå er og sommaren på veg, det har grønka i liane og dei første folka har dei alt møtt. Det er blitt mange Normannabygder etter kvart i Sør Grønland. Men dei vil segla ennå lenger inn i landet. Ein lokalkjend mann, Ejnar har dei fått med seg få ei bygd heilt sør. Og han har mykje å fortelja og minst like mykje å spørja om.
Nå er det berre inn ein lang fjord og så er dei i bygda Gardar, som Isak har høyrt så mykje om. Han kjem sjølv frå Gard på Talgje, så dette er nok eit namn som Eirik den Raude tok med seg frå Rogaland då han flytta hit for snart 300 år sidan. Bygda er flat nett som heime, dog ikkje så mange tre. Men det er gode grøne bakkar som bognar av tjukt gras.
Her er det kostelige bygg som kyrkje , bispebolig og gode hus både til folk og fe. Visst kunne han budd her, men det er plikter som dreg han til Ryfylke. Dei nyankomne ruslar rundt og ser seg om. Må få med seg det meste for det blir nok mange spørsmål når han kjem heim att. Og då dei blir bedne på mat i kveldinga så viser det seg at han har fleire skyldfolk som har flytta hit. Det blir seine kvelden før han kan krypa under sauefellen. Og søvnen kjem fort, Isak drøymer seg langt bort, heim att til Talgje. Høyrer kyrkjeklokka som kimar, det er tid for morgonbøn…..

Denne forteljinga er bygd på historiske fakta med litt fantasi….
Sitat Heidi og Marte frå dei var små: ”Far har fortalt frå gamle dagar om …..”. Mor - ”Jostein, er det sant alt det du har fortalt…? ” - Far ”Ja, det kunne vore sant!”

Siste nytt





Nå lakkar og lir det mot heimreis. Den første snøen har komme og gått. Skikkeleg storm og regnvær eit par dagar. Mange folk har vore her på Upernaviarsuk for å samla sauer og to dagar har gått med berre til venting pga uvær. Og det er store områder dei skal gå over. På kartet har eg limt på Finnøy, Fogn og Talgje. Dei blei små alle tre øyane i det store landskapet. Ved kvar farga lapp bur det ein familie, elles er det heilt folketomt!
Desse to karane reknar med å reisa til Norge over nyttår for å ha praksis. Eg lærer dei litt norsk om kveldane og vi bruker ei lærebok som heiter På Vei. Fire andre reiser til Island om to veker og blir der eit år i praksis.
I gartneriet er nesten alt gjort klart for neste vår. Potter, jord og frø er bestilt. Stauder og små tre er pakka inn med nett og agrylduk, mest for å beskytta mot hare-gnaging. Alt laust er flytta inn i veksthuset, elles fær det vel alle veier i vinterstormane.
Bakom skyene er det alltid sol, så også her. I dag skyfri himmel, stille og alle mann på ”fåresamling”. Då surrar det i godlåt og hundane ligg klare. Det er tydelig stort å vera med på, lange trøttande turar opp og ned fjellsider, mange gode historier og tilbake på skulen ventar ein god middag. Og ein god kvil.

torsdag 16. oktober 2008

Hotel i særklasse


Dette er konsulenttjenesten sitt hus, eit av dei eldste i byen som hus nr 5. Alle hus har nr etter alder. Her er det alltid mulig å overnatta når eg er ein tur inne i Qaqortoq. Husk berre å ringja 494141 før du legg deg, det er nemelig Securitas sitt tlf nr her i byen. Første gangen visste eg ikkje, så kl 12 om natta fekk eg besøk av vakta. Då må ein berre vera ydmjuk å sei som sant er...

tirsdag 14. oktober 2008

Berre ein liten .....

..opplysning. Du vett det sikkert, men viss du dobbelklikke på bildene så kan du sjå dei i stort format.

mandag 13. oktober 2008

Nordlyset

Har sett nordlyset meir eller mindre nokre få kveldar heilt frå midten av august. Men i natt vakna eg i fire-tida og kom til å kikka ut av vindauga. Over heile himmelen, ja eg måtte berre ut å sjå, eit fargespel av det store. Mest i gult, men også litt i rosa og grønt. Det såg ut som Guds englar hadde full utlufting på sine silkegardiner.

Å telja på grønlandsk…


….er nesten som å telja på dansk. Frå gamalt av er det grønlandske talord kun frå ein til og med tjue, 10 fingrar og 10 tær! Så går det over til danske ordtal, men i praksis startar dei frå talet 16.
Så byrjar forvirringa for ein stakkars nordmann. Opplysningen 1881 takk! ”Unnskyld, kan de si meg telefonnummeret til Hans Grønlender i Qaqartoq?” – ” Ja kun et øyeblikk – det er fireoghalltress toogtress nioghalvfirs(54 62 79).By,by!” Første gangen la eg på i full forvirring og stod der som eit spørmålstegn. Nå har eg lært å spørja fint om dei kan sei rolig tal for tal. Telefonkatalogen for heile Grønland er forresten kun ei tynn bok.

Personalmøte



Sånn ca ein gong i månaden er det personalmøte for alle ansatte. Her er vi samla på Upernaviarsuk. Vanlegvis er det inne på kontoret i byen, men av og til må ein ut og sjå der kor graset gror..

onsdag 8. oktober 2008

Sauesamling




Nå om dagane er det sauesamling. Kvar bonde har fått tildelt slaktedag og når ca 30 000 lam skal slaktast og ca 500-600 til dagen, så tar det si tid. Elevane har det travelt for tida. Det er godt med spreke ungdommar når store fjellvidder skal saumfarast. Bildene er frå nærmaste nabo, 10 km lenger inne i fjorden.

Siste fjelltur for i år ?




Har hatt mange turar opp i fjellet som ligg like bak huset mitt. Men at eg skulle få oppleva ein slik dag som i går var berre heilt fantastisk. Bildene får tala for seg sjølv…..