lørdag 18. oktober 2008

”Isakbussen” frå Talgje til Grønland.




Det kan ofte bli venting på flyplassen i Narsarsuaq. Tekniske problem, dårlig vær enten her, i København eller Reykjavik. Då er eit besøk i museumet vel verdt. Ikkje noko prangande bygg, men eit utrulig bra innhald frå nordbuartida, danskane sin påverknad i Grønland og om amerikanarane sin militærbase frå 1941 til 1958. I avdelinga om Nordbuartida er det berre å la fantasien sleppa laus.
Så bli med på ein tur med ”Isakbussen” frå Talgje til Grønland.
Baron Isak Gauteson av Tolga ( 1243-1302)er stormannsson på Talgje. Han driv mykje handelstrafikk mot vest, til Shetland, Orkenøyane, Færøyane og Island. Det er tidlig på våren i året 1273 og skipet blir gjort klar for langreis. For første gang skal han sigla heilt til Grønland. Knarren duvar i sjøen og ligg godt fortøydd ved Ladberget. Dei som bur i Vesterled er heilt avhengig av varer frå Norge. Det vera seg verktøy, våpen, tømmer og andre nødvendige ting. Betalingsmiddel er skinn og kvalrosstenner i retur. Også nyhende frå Norge og Island er viktig å ta med seg til Grønland.
Kongspeilet frå 1230 seier at ingen må reisa ”mellomland” i tida frå 16.oktober til 1.april. I Grågås-lova frå 1169 står det - ”for at eit skip skal vera sjøført, må det ikkje lastast djupare midtskips enn at 2/5 av midtskipet er over vatnet.”
”Isakbussen” er ein stor havgåande knarr på 30 meter, 9 meter brei og rommet er 4 meter djupt. Masta er 23 meter høg og nede på dekk er den nærmare 50 cm i diameter. Skipet er bygd av eik og furu og har eit råsegl på 350 m2. Mastevanta er laga av fletta kvalrosskinn, likså dra-grepet til å heisa opp seglet med. Det er både sterkt og tek heller ikkje til seg fukt. Segl-skjøtene er laga av hestehår. Dei heldt seg mjuke og sterke sjølv i frostvêr. Råseglet er vevd i ull og sydd saman av kvinnene på garden.
Men det er travelt, lista er lang over varer som skal med på turen. Sjølv må du ta med deg det du treng av proviant som tørrfisk, røykt kjøt, graut, hardsteikt brød, vatn og mjød. Og tru ikkje at du er med som turist. Nei her blir det hardt arbeid og innimellom vaktene er det soveplass i ein skinnpose under eit telt som er spent over lasta i rommet.
Skipet har og med eit par kreatur og nokre sauer som skal leverast på Avaldsnes, der det også skal lastast om bord ein del varer.
Eigaren sjølv, Isak vil vera ”styrismand” på denne turen til Grønland. I sitt unge liv har han ikkje reist så langt før. Difor må han ha med seg los og ”ledsagemann” over havet til Island og Grønland. Isak gleder seg til turen, men det er også litt vemodig å sei farvel når dei dreg av stad. Veit at det vil gå langt ut på hausten før dei vender tilbake. Dei set seil straks dei får rodd seg ut på Gardsvågen og fort ber det av garde. I god bør kan dei sigla med 14 knops fart, men må nok venta til dei kjem ut av Karmsundet.
Været er fint og den litt kjølige vårvinden fører dei vestover med jamn sigling. Dei kan vonleg nå Færøyane på få døger.
Etter godt to veker seilas er både Færøyane og Shetland/ Orknøyane passert, det er berre kunsten å finna Island. Men her er det vanskeleg farvatn. Ein sterk nordvestleg storm bles opp og då er det berre å reva seglet, leggja seg på rek og ”sigla unna”. Men stormen varer ikkje så lenge, så etter ein dag og ei natt kan dei snu og atter venda mot Horn på Island. Men korleis finna fram utan kompass og Gps. Jo dei kunne det å navigera etter stjernene. Tang og tare i sjøen viste at dei nærma seg land, også fuglane sin fluktretning viste mot land. Og eit kanskje tvilsamt triks var å rista nokre lus ut av hårmanken ned på tofta. Den vegen lusa gjekk peika mot nord.
Endeleg kunne dei sjå land og då var kursen lett. Berre å fylgja kysten sør og mot vest. Og her ved Drangar var dei venta. Isak sitt søskenbarn og fleire av slekta hadde busett seg på Island. Det var sanneleg ikkje ofte dei såg kvarandre. Det blei stort etargilde og fleire dagar med mykje nytt både å høyra og spørja. Lasting og lossing var det andre som fekk ta seg av.
Men ferda måtte gå vidare. Det ville fortsett bli ei lang sjøreis før dei kunne nå dei Østerlandske bygdene i Grønland. Dog ikkje så mange dagane før kysten var å sjå. Men det var is og is så langt auga kunne nå og dei måtte halda seg passe frå land pga alt dette. Mang ein gong hadde Isak lytta til dei dramatiske historiene om den farlege sjøreisa til Island og ikkje minst til Grønland. Alt hadde han lagt seg på minne og tenkt at når han ein gong vart vaksen så ville det bli hans tur til å segla denne leia.
Ein Christoffer Huitfeldt eigde Gardå på Talgje på 1500-talet. I ei gamal bok les eg: ”- at Christoffer Huitfeldt, der 1541-43 var Lendsmand paa Island og 1542-1546 paa Bergenhus, i Aaret 1541, bragte med sig til Norge gamle Kursanvisninger paa Latin og Norsk, eller som det hedder, et Søkort at segle til Grønland”.
Etter fleire dagar i skodda og farlig is kan dei endeleg runda Kap Farvel. Og her er det mange landmerke å segla etter. Store fjell, markerte holmar og skjær. Ein lang tange som liknar ein kval (Hvalsø) skal vera eit godt merke.
Nå er og sommaren på veg, det har grønka i liane og dei første folka har dei alt møtt. Det er blitt mange Normannabygder etter kvart i Sør Grønland. Men dei vil segla ennå lenger inn i landet. Ein lokalkjend mann, Ejnar har dei fått med seg få ei bygd heilt sør. Og han har mykje å fortelja og minst like mykje å spørja om.
Nå er det berre inn ein lang fjord og så er dei i bygda Gardar, som Isak har høyrt så mykje om. Han kjem sjølv frå Gard på Talgje, så dette er nok eit namn som Eirik den Raude tok med seg frå Rogaland då han flytta hit for snart 300 år sidan. Bygda er flat nett som heime, dog ikkje så mange tre. Men det er gode grøne bakkar som bognar av tjukt gras.
Her er det kostelige bygg som kyrkje , bispebolig og gode hus både til folk og fe. Visst kunne han budd her, men det er plikter som dreg han til Ryfylke. Dei nyankomne ruslar rundt og ser seg om. Må få med seg det meste for det blir nok mange spørsmål når han kjem heim att. Og då dei blir bedne på mat i kveldinga så viser det seg at han har fleire skyldfolk som har flytta hit. Det blir seine kvelden før han kan krypa under sauefellen. Og søvnen kjem fort, Isak drøymer seg langt bort, heim att til Talgje. Høyrer kyrkjeklokka som kimar, det er tid for morgonbøn…..

Denne forteljinga er bygd på historiske fakta med litt fantasi….
Sitat Heidi og Marte frå dei var små: ”Far har fortalt frå gamle dagar om …..”. Mor - ”Jostein, er det sant alt det du har fortalt…? ” - Far ”Ja, det kunne vore sant!”

2 kommentarer:

Marte Gard Ullenes sa...

Veldig spennande lesing! Om historiane dine ikkje alltid var heilt sanne, så var dei veldig kjekke. Og truverig fortalt...

vi sørante sa...

Dette var imponerende! Du har grepet på historien! Nå er snart slutt på din "Grønlandshistorie" for denne gangen, men jeg tror ikke det blir den siste. Blir kjekt å treffe deg igjen, og få høre mer om ditt "Grønlandske Eventyr"! (For det må det har vært!)
Velkommen tilbake. Snx