onsdag 30. juli 2008

Dagsnytt


Nå er førsteslåtten i gang, men det blir liten avling fordi det har vore så lite nedbør i heile sommar, bortsett fra 40-50 mm nedbør midt i juli. Så dei fleste sauebøndene må importera høy til vinteren. Det blir nok satsa ein del på vatneutstyr framover.
Ellers så hadde vi besøk av 11 franskmenn i går, dei frå seilbåten, med flott lunsj i gartneriet. Tre av dei blei igjen, så nå bur dei i huset mitt eit par dagar. Sende dei til fjells idag.
Så over til værmeldinga: Lettskya, opp mot 25 grader i dag og heilt fram til søndag. Ubeskrivelig flott!

tirsdag 29. juli 2008

Like ord - Norsk/Grønlandsk 1


Er litt historisk opptatt av tida då Erik Raude sine folk budde her i Østerbygdene frå år 986 til midten av 1400- talet. Eit 40 tals båtar drog frå Island med 500-600 mann, kveg, hestar, verktøy og anna dei trong for å busetja seg. Eit bevis på deira opphald viser ord som er nesten like. Eg har samla nokre få: Hest = hesti, Sau = sava (utales saua), Kvann (plante) = kvanneq, Nisa = niisa.

søndag 27. juli 2008

Gardsbesøk







I eit mektig landskap og i ein undeleg lang fjord drog vi med ein liten båt på 3 mils sjøvei. Og dette er midt i Nordboarland. Over alt er det rester og ruinar etter norske grender og gardar frå år 986 til ca 1450. Nå er det langt mellom naboane. Vi blei mottatt i havna av Rina og Ernst Lund og deira tre små barn. I ein rustholk av ein jeep HUMPA vi avgarde på 8 km grusvei (grov pukk). Dei driv ein sauefarm med 600 mordyr og ca 950 lam.I heile bygda er det ca 9000 sauer med smått og stort, 3-4000 ha fellesbeite. Har starta såvidt med enkel grønnsaksdyrking, men håper å utvida. Sjølv om nærmaste nabo er 2 km borte, så er dei likevel ca 30 personar i bygda, 18 barn med eigen skule (5 elevar) og lærar. Ein spennande tur hjå eit ungt par med pågangsmot!

fredag 25. juli 2008

INGRIDKAKE og litt til.

I går bakte eg Ingridkake for fjerde gang etter at eg kom til Grønland. Så nå er det jubel kvar gong, enten det er grønlenderar, franskmenn, spanjolar eller danskar. Kvardagen er her på godt og litt vondt.Stort sett fint vær og lett arbeid, men lengtar berre litt heim av og til . Har ikkje begynt på nedteljing til heimreis. I natt var det faktisk litt frost!
I kveld reiser vi tre stykker til ein familie som driv med sauer og grønsaker. Skal overnatta og heim igjen i mårå ut på dagen. Det blir kjekt - håper eg.

søndag 20. juli 2008

Verden er ikkje stor.


Cècile og eg var på bytur i går for å bli litt meir kjend i byen.Ser eit rosa hus, salg av klær, og går inn. Cècile strålar opp. Franskmenn for første gang etter at ho kom til Grønland. Etter ei stund pratar ei av damene til meg på norsk og så viser det seg at dei har budd i Gratangen v/Harstad i 2 år og mannen har jobba på eit båtmuseum der i 1992. Ho og mannen er superjordomseilerar. Nede i havna ligg ein røff seilbåt i stål som dei har "luffa" rundt i verden med i 11 år. Venner og famile kjem på besøk og seiler med i ei veke og to. Til neste helg kjem dei til Upernaviarsuk og overnattar ein dag eller to, då blir dei elleve tilsaman.

fredag 18. juli 2008

EN HANDELSREISENDE


Det fins ingen Godsruta, BAMA eller Blomsterringen. Nei "det må do lie godt finne ud af selv". Ta varene med i eigen båt, visa fram vareprøvar og prøva å skapa tillit og salg. Hadde ein runde på byen i går og opplevde mykje rart. Om kystruta som var gått i går, varer som var levert på feil adresse, om kålplanter er sommerblomster?, men sure- nei da. Berre smil og hjelp å få.
Det blir heildag på byen i mårå fra kl 9 til 18, viss !!!! (i dag, i mårå eller...) Skal besøkja to nye kontakter. Lurer berre på kor mykje som skal gis av gratis isbergsalat og mairoer før det blir gratis lunsj!?
Ellers ventar vi ei ny spaniagruppe i kveld. viss dei ikkje står fast i isen igjen. Drivis har det vore mykje av i år. Hadde besøk av ein "fjordabu" lenger innante i dag. Dei hadde vore isolerte i ca ein mnd. "Ka dei gjorde då?" spurde eg. "Nei det er bare å vente, isen forsvinner jo efter hvert".

tirsdag 15. juli 2008

FOTBALLKAMP




Unge Fåreholders Forening har møte på Upernaviarsuk med fag, grilling og fotballkamp.Vi ansatte stiller eget lag, og blandt grastuster og morenestein så går det hardt for seg. Etter fleire innledande rundar går vi til finale, men tross eit stangskudd og målgivande pasning frå mi side så blir det tap."Ekstrabuss" er satt opp, dumpershengar fyllt med tilskuerar og fotballspelerar.Ikkje ein dag uten nye overraskelsar!


BYTUR


Spenningen var stor på laurdag; kan det vera mulig å gå med båt i tjukk skodde til byen.Jo visst kl 11 starta vi og nesten med eit trylleslag låg fjorden der blank og fin. Ein liten ekstra sving med båten og ca 100 selar (minst) leika seg i vatnet. Så i 30 knops fart mellom isflak og store isfjell. Må berre stola på båtføraen, han har nok gått denne leia før.
Vel inne i byen var det mange ærend. Først opp til Brugsen for å levera vareprøve av årets første issalat.Godkjendt vare og bestilling til neste dag. Hadde også med vareprøve til byens restaurant. Der vanka det lunsj og mange gode historier. Så denne "elendige" internett`n. Må berre beklaga bilder som endå ikkje er lagt innpå, nytt forsøk til laurdag.

mandag 14. juli 2008

I DAG, I MÅRÅ ELLER NESTE VEKE

Det er blitt eit fast uttrykk her me bur. Du kan ikkje sjå i ruta når neste båt går til byen, for det finns ingen rutebåt. Skulle vore i Qaqortoq på laurdag, men skulen sin båt var på langtur og kom ikkje tilbake før på søndag. For mykje vind og skodde. Håpar på ny tur i mårå, då er det meldt bra vær. Treng litt nye forsyningar i kjøleskapet.Dessutan er eg invitert til byen sin eine restaurant for å visa fram årets første avling av grønsaker.
Ei ny gruppe spanjolar har vore her i helga. Dei blei værfaste pga. av drivis der dei skulle reisa til neste camp.Så i kveld serverte eg dei rabrabrasuppe, dei diska opp med baccalao. "Ligg i forhandlingar" med dei om å bytta guiding på stasjonen her + suppe og brød mot 3 dagars padletur i slutten av juli. Det kan bli supert !!

torsdag 10. juli 2008

FERIETID OG BESØK

Det er ferietid i Grønland og det merkes godt på båttrafikken ute på fjorden. Nesten daglig så kjem det folk innom for å handla eller slå av ein prat. Og dei har god tid når dei er på ferie. Alle veit om forsøksstasjonen med sine planter og vekster. Tenkte eg skulle skriva ned alt eg høyrer, men det er umulig. Og det grønlandske språk er vanskelig med alle sine QQQ-ar og skurrelydar. Dei aller fleste talar svært bra dansk. Vi er også blitt invitert både her og der, så det er nok mykje spennande i vente. Når ein attpåtil brukar jordbær, ein fersk salat, rabarbra eller heimebakt brød, så er det mange dører som opnar seg.
Takk til alle som les sida mi. Legg gjerne inn kommentar, forstod først når eg borte kor kjekt det er.

mandag 7. juli 2008

BYTUR

I dag er vi i byen Qaqortoq (Julieannehåp) for å handla, ordna litt papirer på skattekontoret, senda og lesa mail. Eit aldeles nydelig sommarvær og mange turistar i byen.

søndag 6. juli 2008

Snø og is !


Sjøl om eg er i Grønland så kan det vera varmt her også. I går var det faktisk over 20 grader og nattetemperaturen på ca 10.Utsikten mot sør er som heime med fjord, øyar og høge fjell. Tenk deg Ryfylkebassenget heilt pakka med drivis. Slik var det her for 4 veker sidan, nå er det bare 10- 20 STORE iskolossar att.
Her bur det berre 3-4 personar nå på sommaren, men det kjem stadig besøk. Ein spansk turoperatør har stasjonen her som fast base ein gong i veka. I går var det ei gruppe på 9 stk. Dei har tilbud om brevandring, kajakkpadling, fjellturar og fisking + +. Om kvelden blei eg invitert på spansk middag med baccalao, poter, ris og mykje godt snaks. Eg blei spurt om å visa dei rundt på stasjonen, dei var svært fornøyd med å møta ein "innfødd". Faktisk så fins det 1000 år gamle tufter inne på tomta der eg bur som er fra Erik Raude si tid i Grønland. Så kanskje våre tipp......tippoldeforeldre budde her.

torsdag 3. juli 2008

KVARDAGEN

I dag vakna eg til ei grad pluss, men seinare på dagen har sola varma frå skyfri himmel. Arbeidet har gått med til vatning, luka ugras i grønnsakskulturane, planta nye grønnsaker og å vera guide! Faktisk så kom det ei turistgruppe fra Danmark/ Sverige på 19 personar. Så då var det berre å hoppa i det og "skrøna" mest mulig. Dei var svært fornøydde.
Har også prøvd fiskelukka, heller dårlig - berre ein fisk.
Ein sauebonde/grønnsaksdyrkar lenger inne i fjorden kom også på besøk. Hadde mykje å fortelja om på godt dansk. Stilig kar, røykte pipe der munnstykke var erstatta med ein grøn hageslange. Turde ikkje ta bilde, men han kjem igjen! Hadde bestilt 1000 grønnsaksmåplanter tidlig i vår. Heldigvis stod dei klar. Aqqalu visste ingen ting, ei heller eg. Flaks at vi ikkje hadde planta dei.
Håpar på regn i mårå, for det trengs. Har ikkje regna på 2 mnd, så det er svært tørt.

FAKTA OM GRØNLAND 2

Grønland har i dag eit såkalla "Hjemmestyre". Dvs at dei har kontroll med dei fleste lovene bortsett frå rettsvesen, utvinning av råstoffer og utenrikspolitikken.
Eit nåverande mål er utarbeiding av sjølstyre med folkeavstemming i november 2008. Grønland vil fortsatt vera ein del av Danmark.
Sjølstyre vil opna for at
-det Grønnlandske språk blir offisielt.
-tilskuddet fra Danmark på 3,2 milliarder blir opprettholdt.
-det Grønnlandske folk blir folkerettslig annerkjendt.
-ein prosedyre om sjølvstende blir tatt opp politisk med Danmark.
-Grønnland sin rett til undergrunnen blir på lik linje med Færøyane.
Eit framtidig mål om 20-25 år.
- Grønnland er blitt ein sjølstendig stat.
- Alle lover og rettigheter blir overført til Grønnland.

onsdag 2. juli 2008

Upernaviarsuk

Så er eg framme på forsøksstasjonen. Flytta inn i gartnerboligen, har alt hatt ein lang arbeidsdag. Pga tidsforskjellen så vakna eg kl 6 som vanlig. Bare det, at her var då klokka 2 om natta. Måtte bare stå opp, skreiv i dagboka på data'n, måtte ha litt mat osv. Trur det skal gå bedre til natta. Eg kan ikkje leggja inn bilder på blogg'n her. Må venta med det til eg kjem inn til byen. Litt treg internett.
I Grønland fins det ikkje kyr og dermed heller ikkje melk å få kjøpt. Ingen problem sa sjefen: "På stasjonen har me ei ku og du kan få all den melk du vil!" Og så handmelka! Gjett om den var god - ein 5 liter plastdunk med feit god melk på toppen. Hadde også besøk av Angut idag. Ein svær illsint okse som helst ville over gjerdet. Pluss to fine villsaulam som likte best kålblad i grønnsakshagen.
I kveld har eg Litleståbrød i ovnen, seinare skal eg til sjøen for å prøva fiskelukka. Ellers kan eg bruka grønnsaker og bær frå gartneriet alt eg vil.
Litt kaldt var det på morgonkvisten, berre 4 grader og sørlig vind. Stilongsvær og hua!
Internasjonalt er det også her. Ei fransk studine på 18 år skal vera her i 6 veker i gartneriet. Dessutan to grønnlenderar som mest pratar grønnlands og berre litt dansk. Heldigvis pratar Cécile svært godt engelsk til fransk å vera.