torsdag 3. juli 2008

KVARDAGEN

I dag vakna eg til ei grad pluss, men seinare på dagen har sola varma frå skyfri himmel. Arbeidet har gått med til vatning, luka ugras i grønnsakskulturane, planta nye grønnsaker og å vera guide! Faktisk så kom det ei turistgruppe fra Danmark/ Sverige på 19 personar. Så då var det berre å hoppa i det og "skrøna" mest mulig. Dei var svært fornøydde.
Har også prøvd fiskelukka, heller dårlig - berre ein fisk.
Ein sauebonde/grønnsaksdyrkar lenger inne i fjorden kom også på besøk. Hadde mykje å fortelja om på godt dansk. Stilig kar, røykte pipe der munnstykke var erstatta med ein grøn hageslange. Turde ikkje ta bilde, men han kjem igjen! Hadde bestilt 1000 grønnsaksmåplanter tidlig i vår. Heldigvis stod dei klar. Aqqalu visste ingen ting, ei heller eg. Flaks at vi ikkje hadde planta dei.
Håpar på regn i mårå, for det trengs. Har ikkje regna på 2 mnd, så det er svært tørt.

1 kommentar:

inger og odd sa...

Du har det jo nesten som hjemme!
Med vanning, guiding og planting:
Besøk av nabo høres bra ut. Håper at døgnrytmen er på plass nå