I eit mektig landskap og i ein undeleg lang fjord drog vi med ein liten båt på 3 mils sjøvei. Og dette er midt i Nordboarland. Over alt er det rester og ruinar etter norske grender og gardar frå år 986 til ca 1450. Nå er det langt mellom naboane. Vi blei mottatt i havna av Rina og Ernst Lund og deira tre små barn. I ein rustholk av ein jeep HUMPA vi avgarde på 8 km grusvei (grov pukk). Dei driv ein sauefarm med 600 mordyr og ca 950 lam.I heile bygda er det ca 9000 sauer med smått og stort, 3-4000 ha fellesbeite. Har starta såvidt med enkel grønnsaksdyrking, men håper å utvida. Sjølv om nærmaste nabo er 2 km borte, så er dei likevel ca 30 personar i bygda, 18 barn med eigen skule (5 elevar) og lærar. Ein spennande tur hjå eit ungt par med pågangsmot!
søndag 27. juli 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Skal si du opplever mye! Må være kjekt å komme seg "litt rondtforbi" og få sett både natur og treffe "innfødte". Ruiner etter de første norske innbyggerne må ha vært spesielt!
Ellers slo Viking Ålesund, Allan Garde var spiss!
Bra med noen bilder til dine innlegg!
Legg inn en kommentar