mandag 14. juli 2008

I DAG, I MÅRÅ ELLER NESTE VEKE

Det er blitt eit fast uttrykk her me bur. Du kan ikkje sjå i ruta når neste båt går til byen, for det finns ingen rutebåt. Skulle vore i Qaqortoq på laurdag, men skulen sin båt var på langtur og kom ikkje tilbake før på søndag. For mykje vind og skodde. Håpar på ny tur i mårå, då er det meldt bra vær. Treng litt nye forsyningar i kjøleskapet.Dessutan er eg invitert til byen sin eine restaurant for å visa fram årets første avling av grønsaker.
Ei ny gruppe spanjolar har vore her i helga. Dei blei værfaste pga. av drivis der dei skulle reisa til neste camp.Så i kveld serverte eg dei rabrabrasuppe, dei diska opp med baccalao. "Ligg i forhandlingar" med dei om å bytta guiding på stasjonen her + suppe og brød mot 3 dagars padletur i slutten av juli. Det kan bli supert !!

1 kommentar:

vi sørante sa...

Kan tenke meg at været er litt ustadig! Rabrabrasuppe mot baccalao høres ut til å være et godt bytte, og et godt måltid!!
Hvordan er utetempen? Regner med at det ikke er 20 grader forsatt?
Ellers en ny dårlig Vikingkamp i går. 0-0 mot Stabekk. Viking skriker etter en måljeger. Laber stemning i deler av heimen, pga at FKH slo Sandefjord med 1-0 i Sandefjord!
Håper du får et velfylt kjøleskap i morgen!