Sjøl om eg er i Grønland så kan det vera varmt her også. I går var det faktisk over 20 grader og nattetemperaturen på ca 10.Utsikten mot sør er som heime med fjord, øyar og høge fjell. Tenk deg Ryfylkebassenget heilt pakka med drivis. Slik var det her for 4 veker sidan, nå er det bare 10- 20 STORE iskolossar att.
Her bur det berre 3-4 personar nå på sommaren, men det kjem stadig besøk. Ein spansk turoperatør har stasjonen her som fast base ein gong i veka. I går var det ei gruppe på 9 stk. Dei har tilbud om brevandring, kajakkpadling, fjellturar og fisking + +. Om kvelden blei eg invitert på spansk middag med baccalao, poter, ris og mykje godt snaks. Eg blei spurt om å visa dei rundt på stasjonen, dei var svært fornøyd med å møta ein "innfødd". Faktisk så fins det 1000 år gamle tufter inne på tomta der eg bur som er fra Erik Raude si tid i Grønland. Så kanskje våre tipp......tippoldeforeldre budde her.

1 kommentar:
Kanskje du treffer noen slektninger laaaaaangt ute.
Legg inn en kommentar