fredag 12. september 2008

Potetopptaking




Poteter har det vore dyrka i mange, mange år i Grønland, men mest til eige bruk i hagen. I dei seinaste år også for kommersielt salg. Nå er årsproduksjonen oppe i 100 tonn, men det er på langt nær nok til å dekkja eige forbruk. Her på Upernaviarsuk har vi eit prøvefelt av 18 forskjellige potetsorter. Forsøket blir nøye vurdert av det danske plantedirektorat, neste år håpar ein også å få prøvd nokre gode sortar frå Nord Norge.
I dag bestemte vi oss for å ta opp potetene. Det meste av lauvet er visna,og så var det så godt og lageleg vær. Kanskje me kunne få hjelp av to småjenter som er på besøk hjå mormor Marlene. Utrulig kva små flittige hender kan hausta i bøtter etterkvart som Efa og og eg spadde opp sort for sort. Dei var med på vegnig og merking av kvar sekk med navn og kilo. God praktisk læring for Viktoria og Silvia Ambrosia!

1 kommentar:

vegard ullenes sa...

Hei Jostein - Georg og meg har kosa oss med å lesa om dine dagar på Grønland - det er jo reine eventyret! Høyrest både spennande og interessant ut;midt i blinken for deg, vil eg tru. Me har det berre bra. Hilsen fra Bjørg og Georg¨

helsing frå vegard og.