lørdag 6. september 2008

Kajakktur


20 km inn til botn!





Fortsatt 10 km inn til bruddkanten

Brattahlid
Leif Eiriksson






Eit av mine store ynskje med å reisa til Grønland var å få med seg ein padletur. Og gjett om det laga seg. Som før nemnt så har eg hatt besøk av mange spaniagrupper her på forsøksstasjonen. Trur det blei heile 15 turgrupper til saman. Då har eg tatt i mot dei på kaien, vist dei plass i Turisthuset, som regel kokt ei rabarbrasuppe og laga Ingrid-kake. Neste morgon har eg guida dei i området. Som betaling fekk eg ein tur med http://www.tasermiut.com/. Først ein og ein halv time frå Qaqortoq med Zodiac(gummibåt) i 40 knops fart til Narsarsuaq. Derfrå bar det rett til fjells med ei turgruppe på 6 spanjolar pluss meg som nordmann. Godt at to av dei kunne snakka svært godt engelsk.
Starten gjekk i full sol og fint haustvær, men kalde netter. Då vi vakna neste morgon var det 4 minus og 10 cm snø! Dette er Grønland med fort skifte av vær, men ingen sure miner for det. Etter ein frukost i det fri, så drog vi vidare. Målet var ei turisthytte i 700 meter høgde, eller rettare sagt ein gapahuk med vegger. Om kvelden gjekk vi til kanten av Grønlands mest ytande isbre. Kvar dag ”renn” det ut ca 200 000 tonn is i fjorden! Bruddkanten er 80 meter høg og stadig er det djupe drønn frå is som veltar ut i fjorden, mektig skue!
Natta var best i telt og nå var det 6 minus på morgonen, men sola vermde fort og snøen forsvann etter kvart. Det vart ein flott tur ned att til låglandet. Naturen minner mykje om høgfjellet på Hardangervidda.
Om kvelden drog vi over fjorden til vandreheim i Brattahlid, det var her Eirik Raude budde for 1000 år sidan. Og det er mange spor etter han og hans folk gjennom mange hundre år. Endå til ein fjelltopp som heiter Sola-toppen! Mange ruinar er gravne fram og det er laga rekonstruksjonar av både kyrkje og langhus. Då vi hadde omvisning så vart det gjort stas på at her var samla ei frå Brattahlid, to frå Island og ein frå Rogaland der Eirik Raude kom frå. Måtte endå til syngja ein song – tok første verset av ”Mellom bakkar og berg….”
Inni mellom alt som skjedde så vart det og tid til båttur inn til same isbreen som vi hadde sett ovanfrå to dagar før. Vi var heldige som hadde vind i mot oss, då kunne vi gå nokså langt inn i fjorden. Likevel var det 10 km att til botn. Kjende godt kulden frå isen så det var godt med varme klede.
Så var det sjølve kayak-turen då. Først måtte me overnatta på Leif Eriksson Hostel. Låg på 10 manns rom med snorkande spanjolar som helst ikkje skal ha vindauga oppe. Det vart ei lang natt!
Nok ein strålande morgon og ut på tur att. Vandra gjennom eit flott beitelandskap på 15-20 km2 over til ein annan fjord som heiter Tasiusaq. Det var her vi skulle padla. Fjorden er pakka med isfjell i alle fasongar, storleikar og ikkje minst fargar. Vi fekk tildelt tomanns-kayakar og eg kom på lag med ein spansk botanikar-professor som aldri hadde padla før. Men han var van med mykje anna sport så det gjekk svært så greitt.
Guiden vår var frå Argentina og litt av ein kraftplugg. Siste året vart han mester i ekstremsport for lag i Sør Amerika. I løpet av fem dagar skulle dei ta seg fram 550 km i kayakk, på sykkel, klatring og løp. Han hadde berre sove 9 timar på 5 døgn!
Å padla i slikt område er berre heilt utrulig. Inni mellom stilla så kjem det brak som sterke toredrønn. Då er det isen som brest og lagar bølger slik at det blir reine dominoeffekten på andre isfjell som også brekk saman. Varsel om å halda seg på passe avstand er lett å forstå. Alt i alt padla vi ca 30 km på tre dagar. Det er ikkje eit kappløp, men ei oppleving ein berre kan drøyma om. Om kveldane finn vi brenne til bål og lever heilt primitivt på knekkebrød og mykje fiskehermetikk. Nettene overnattar vi i telt og søv faktisk godt tross tynne liggjeunderlag.
Så er turen over og vi dreg kvar til sitt. Spanjolane til 40 graders varme og eg med helikopter, berre 20 minutters tur og så er eg i byen att og ventar på bryggja på båten som skal ta meg ”heimatt”.

3 kommentarer:

Marte Gard Ullenes sa...

Skulle likt å vore med på den turen. Me skal ut å sykle nå. På langt nær like spennande...

Olaug sa...

Litt av ein tur, men du mangla spanskguide.

Åge sa...

Veldig flotte bilete og ditto kjekk tekst å lesa.