fredag 12. september 2008

Slaktedag


Onsdag skulle vera den store dagen her med slakting av storoksen, Angut. Det er ikkje berre å ringja til Agro og så kjem det ein bil frå Rennesøy transport. Her må dyrlege vera på plass for å godkjenna slaktinga. Dyrlege og båt kom, men det blei usemje om flåing og partering mellom slakteriet og dyrlegen. Angut fekk seg ein dag til!
Neste dag kjem ein båt i full fart ute i fjorden. Dyrlegen kjem på nytt forsøk angåande stuten og denne gongen smell det. Kl 9.45 var Angut sine 4 år talde. Slakta, partert og flådd, så vidare med båt til slakteriet i Narsaq for modning. Meininga er å selja kjøtet til ein restaurant i Nuuk.

3 kommentarer:

Reidun sa...

Godt vi ikke må slakte dyra våre hjemme.

vi sørante sa...

Du har innholdsrike dager! Den "spansketuren" må ha vært litt av en opplevelse.
Det er mye en ikke vet, som en nå får vite, f.eks at det blir dyrka poteter på Grønland!
Det er vel langt på høsten der borte nå?

Sigrunn og Jostein sa...

Det er interessant å lesa om alle opplevelsane dine. Me har vore i Sirdalen denne helga,fin hausttur.
I natt var det minusgrader.