tirsdag 23. september 2008

Hullet



Narsarsuaq betyr sletta ved fjorden. Her ligg også hovudflyplassen for Syd Grønland anlagt av amerikanerane under siste verdskrig. Vidare innover dalen går det ein kjempe isbrearm inn til innlandsisen. Ca 20 km inne ligg det eit stort vatn som heiter Hullet, ca 200 meter djupt og 4 km2 stort. Kvart år i september/oktober går proppen. Dvs. at vanntrykket blir så stort på isen at den blir pressa opp og alt vatnet fløymer ned over dalen og ut i fjorden på ei snau veke. Elva stig 4-5 meter og dreg med seg store mengder sand og grus.

1 kommentar:

Olaug sa...

Grønalnd blei anbefalt i "Ut i all verden" i dag som eit spennande reisemål. Og ei bok som heiter "Den store sledereisen" av Knud Rasmussen.