fredag 31. juli 2009

Kva skjer ?

Pr i dag er le-veggen så godt som ferdig. Port skal lagast, har fått oversendt forslag til utforming av Vidar. Så er det full fart vidare på neste prosjekt. Veksthuset har ankomme Qaqortoq og er ventande inn til Upv. i morgentimane. Skal normalt montera eit slikt hus på 4 dagar. Mandag og tirsdag blir 4 lokale bønder med ( derav 3 damer og 1 mann). Då skal vi ha kurs i bygging av veksthus opg kva muligheter det er til å dyrka innomhus, spennande. Og det nettopp damene eg har mest tru på i grønnsaksdyrking. Mennene ser på det som kvinnfolkarbeid! Ellers har eg opplevd nesten 4 veker utan regn, kun ein dag. Værvarselet framover er sol, sol og sol.

1 kommentar:

Heidi sa...

Nå er du vel snart på heimveg? Hadde vore kjekt med litt bileter av drivhuset (det i Upernaviarsuk altså...)