onsdag 22. juli 2009

Bare sol og sommar


Slik har det vore dei siste 14 dagane og langtidsvarselet seier det same. Førsteslåtten starta i går. Tynnt gras, men meir enn i fjor då bøndene berre fekk 50 % av normalavling.
Har også starta med å laga til levegg. Skulle ha brukt gravemaskin til å grava 50 hål i bakken. Nei den virka i fjor, men ikkje i år fekk eg vita i går. Det betyr handgraving i morenegrus. Fordelen er at fettpølsa rundt midten skrumpar faretruande inn og søvnen om kvelden kjem nesten før eg har lagt hovudet på puta. Fortsatt god sommar.

1 kommentar:

Jone Ullenes sa...

Kjekt med nytt frå Grønland. No ligg Tarald på fanget mitt. Han og meg har fått oss ny båt i dag. Det liker me begge to!