tirsdag 28. juli 2009

GRØNLANDSK SPRÅK OG UTDANNING


Då Hans Egede kom til Grønland på 1720-talet fans det bare munnlig språk blandt inuittane. Paul Egede (son) skreiv den første ordboka i 1750. Seinare kom det stadig forbedringar og til sist ei ny ordbok i 1977.

Sidan Grønland er tospråklig blir dei fleste aviser, fagtidsskrift og magasiner utgitt på grønlandsk og dansk.

Barna startar på skulen som 6-åringar og har 10-årig skule som oss. Seinare er det vgs akkurat som i Norge. Nå er Grønland eit svært grisgrendt land, med mange små og avsidesliggjande bygder. Difor er det lov å gi barna heimeundervisning til og med 7.klasse.

Efa vaks opp i Atammik, ei lita fiskarbygd på vestkysten med 150 innb. Der gjekk han på skule til han var ferdig med 9.klasse. Då måtte han flytta til Maniitsoq (Sukkertoppen), ein større by på 2000 innb. Budde på skuleinternat i lag med 5-600 andre elevar og reiste heim kun til jul, påske og sommarferie. Der er det også vgs.

NORSK-GRØNLANDSK TIME




Efa har vore praksiselev ved Gjennestad gartnerskole i eit halvt år. I august startar han på to-årig gartnerutdanning. Då gjeld det å forbedra norskkunnskapen. Fem kveldar i veka har vi ein skuletime. Eg les først eit ord og han etter, så ein setning og han etter. Seinare eit heilt avsnitt. Alt gjennom ti ganger. Til slutt skriv han diktat eller ei lita forteljing.


Til gjengjeld lærer eg litt grønlandsk, i kveld utveksla vi oppskrifter. I fravær av husmor som er på ferie i Danmark, står han for alt matstell, rydding og vask på skulen. Han skjemmer bort desse gutane. Men dei er flinke til å fiska og reinska den. To kveldar har dei vore ute på fjorden og fått ca 100 torskar pr gong, kvar på 1-2 kg

onsdag 22. juli 2009

Bare sol og sommar


Slik har det vore dei siste 14 dagane og langtidsvarselet seier det same. Førsteslåtten starta i går. Tynnt gras, men meir enn i fjor då bøndene berre fekk 50 % av normalavling.
Har også starta med å laga til levegg. Skulle ha brukt gravemaskin til å grava 50 hål i bakken. Nei den virka i fjor, men ikkje i år fekk eg vita i går. Det betyr handgraving i morenegrus. Fordelen er at fettpølsa rundt midten skrumpar faretruande inn og søvnen om kvelden kjem nesten før eg har lagt hovudet på puta. Fortsatt god sommar.

lørdag 18. juli 2009

Dagar som kjem og går.


Ektepar fra Australia med guiden Martha i midten

Nr 1 og 3 fra venstre kjem fra Ukraina. Han
opposisjonspolitikar i Parlamentet.

Fønvind

Den siste veka har det vore mykje jobbing i gartneriet. Torsdag kom det kraftig fønvind og på få minuttter steig temperaturen med 7-8 grader til 24-25, pluss ekstremt tørr luft. Då er det berre ein ting som gjeld - VATNA! Så vannspredarane har surra og gått nesten døgnet rundt. I dag har eg vore i byen på trelasten og handla materialer til 120 x 2 meter levegg. Meininga er å laga eit godt klima for grønsakene ute på friland. Det har eg stor tru på skal lukkast.
Ellers så kjem det stadig turistar. Hadde besøk av fire frå Norge i dag- skjelden kost. I morgon kjem 25 hobbybotanikerar frå Danmark. Floraen i Grønland er på ca 100 blomstrande arter + ca 50 andre (gras, mose o.l.)
Om ei veke er det spennande om veksthuset kjem med båten frå England via Danmark. Ellers må eg reisa heim med uforretta sak. Har prøvedyrking av agurk og tomat i eit lite drivhus og leverer agurker inn til byen for kr 36 pr kilo!

mandag 13. juli 2009

Rolige sommardagar.




På forsøksstasjonen har vi vi veksla mellom luking i staudebedda, vatning av planter, fjellvandring og avslappning. Her kan ein verkeleg finna roen. Men det var 1000vis fleire mygg enn i fjor. Litt fuktigare vær, varme og alle sauene til fjells gjorde sitt til at vi har fått maaange kløande stikk.
Turistar har det og vore mange av, både lokale og fra Danmark, Spania, Irland og USA.
Reidun reiser heim på tirsdag via Island. Har vore gildt å ha ho her, kjem til å sakna henne.



onsdag 8. juli 2009

GRØNLAND/QAQORTOQ





Fredag den 3.juli landa vi på flyplassen i Narsarsuaq. Det var nesten som eg var der "i går". For Reidun var alt nytt sjølv om ho hadde opplevd mykje på bilder fra før. Etter ei natt på Youth Hostel med snorkande "burugle" og bortimot badstutemp. på eit 6-manns rom, drog vi ut på ein tredagars gåtur i storslått natur og flott vær. Advarsel om vandrande isbjørn i området gjorde oss litt skeptiske, men rett før avgang kom det beskjed om at bjørnen var skoten.
Stor vannføring i elvane gjorde vei og stiar litt uframkommelige. Derfor måtte vi ha båtskyss over første elv, vassa den neste og traktorskyss over den siste.
I dag er vi i byen Qaqortoq. Har handla inn litt mat og ventar på båt ut til forsøksstasjonen- Upernaviarsuk.

torsdag 2. juli 2009

Traktoregg !


Utrulig mange siloballar og store vidder.


Språk på Island


-kun ein om gongen over brua.


WC

-skal det vera ei lommebok. Helst stor, for det er mange og store sedlar i isl.kr.

ISLAND


Byvandring i Reykjavik

Tingvallir

Geysir

Gullfoss

Kyrkja i Skålholt

-på vei til Grønland. Denne gongen er det både Reidun og eg som reiser. Har mellomlanda på Island, leigd oss bil og farta litt rundt i nærområdet. Byvandring i Reykjavik Besøkt både Tingvallir, Geysir og Gullfoss. Og ikkje minst Skålholt der det store dramaet om dei utflytta Talgjebuane utspant seg på 1400-talet. Mykje flott landskap og store vidder.

torsdag 19. mars 2009

GRØNLAND MIDT I MARS !

Jo då er det fortsatt kaldt og leenge til våren kjem. Men det er strålande sol og lyse dagar. Det er lite snø, derfor er nok telen svært djup. Men med mykje morenesand/jord så tiner det fort opp når våren først kjem i mai/juni! Dette melder Anders Iversen som er den egentlige gartneren på Upernaviarsuk. Han er bergenser og kom dit nå i starten av mars og gjer klar til ein ny sesong. Reidun og eg reiser til Grønland som planlagt i mndskiftet juni/juli.

fredag 23. januar 2009

Efa på Gjennestad


Etter godt 14 dagar på Gjennestad så har Efa funne seg godt til rette. Ein telefon til vertsfamilie og mentor fortel om trivsel. Ennå er det språkbarrierer å vinna over, men det kjem seg nok etter kvart. Det som er heilt sikkert er at: det nyttar ikkje å snakka grønlandsk, berre daglig tale på norsk hjelper.

torsdag 8. januar 2009

Efa på vei til Norge.


Når dette skrives er Efa på flyet på vei til Norge via København. Eg skal møta han her på Gardemoen.Eg har tatt nattoget frå Stavanger og straks flyet landar tek vi toget til Gjennestad. Der skel Efa ha praksis i fleire avdelingar på skulen fram til 1.juli. I august er det planen at han skal starta på 2 årig gartnerutdanning. Meir info seinare.

torsdag 1. januar 2009

TILBAKE TIL GRØNLAND


Eg er blitt glad i den staden og folka eg forlot i oktober. Viss alt legg seg til rette, så reiser både Reidun og eg til Upernaviarsuk og Grønland i 2009. Eit treårig plasthus- og leveggprosjekt er planlagt å starta opp på forsøksstasjonen til sommaren. Opphaldet blir frå 1.juli til ca medio august.
I tillegg må me jo få med oss litt av turist-Grønland, kanskje via Island. Men aller først blir det full innsats i ein hektisk sommerplantesesong i veksthuset heime og oppleving av å bli besteforeldre i juni!

torsdag 11. desember 2008

Kva vett du om Grønland....?


....Antakelig lika lite som eg visste før eg reiste dit på eit 4 mnd opphold nå i sommaren 08. Nå vett eg litt meir....... Slik startar eit Power Point foredrag på 25-30 min som eg har laga om turen til Grønland. For å skryta litt av meg sjøl, så er eg fornøgd med resultatet. Så i desse årsmøte-tider. . ta gjerne kontakt så kan vi nok bli enige om eit opplegg. Tlf 90 05 92 81.

lørdag 8. november 2008

Borte svært bra, men heima best.


Denne karen stod på utsia av huset mitt når eg reiste heim. Ville vel ha litt godsaker som vanlig.

Det var godt å koma heim til Talgje og møta familie og venner. Reidun hadde gjort ein kjempejobb både inne og ute. Det er ho som har stått på slik at eg kunne oppleva denne flotte tida i Grønland.
Det ser ut til at det kan bli ein kort tur tilbake til Grønland neste sommar. Det er søkt om pengar til eit treårig prosjekt på Upernaviarsuk forsøksstasjon. Det går ut på å setja opp eit engelsk plastveksthus på 7 x 20 meter som kan tåla det ekstreme vær og klima i Grønland. Det vil og bli lagt inn varmluft, basert på diesel som brensel.
Samtidig skal det setjast opp ein 2 meter høg og 100 meter lang lévegg. På begge sider av léveggen skal det plantast trær og buskar som skal vera med å laga eit betre dyrkningsklima for grønsaker inne på stasjonen.
Viss dette lukkast, ja då vil vekstsesongen for mange grønsaker kunna strekkja seg frå mars til oktober mnd. Og grønlandske bønder kan starta opp med ein produksjon av ferske grønsaker både til eige hushald og det lokale marked.
Eit sterkt ynskje for neste tur er å reisa saman med Reidun. Har lyst at ho òg skal få oppleva dette.
Så følg med, denne bloggen vil på ingen måte sovna inn med det første.