torsdag 21. august 2008

FJELLTUR











Hadde lenge planlagt ein skikkeleg tur opp i fjellet over to dagar.Pakka sekken og berre gå utan å kikka på klokka.
Denne helga passa det fint. Drog avgarde ved middagstid i eit strålande vær. Området er så øde at det antakeleg er lettare å vinna i Lotto enn å møta på folk. Så eit godt kart (1:100 000) og god erfaring er godt å ha med seg. Det er ingen merka sti, men sauer har gått her i årtider, så ved å fylgja deira trakk går det svært så bra. Målet var 25 km første dagen og med ein ikkje altfor tung sekk så gjekk det bra. Men etter 8 timar var det godt å krypa ned i ein god og varm sovepose under ein gapahuk.
Neste morgon vakna eg til nattefrost og heller liten lyst til å tre ut av mitt lune "rede". Venta til sola varma og gjorde meg klar til vidare tur. Men folk hadde snakka om lite vatn i elvane og mulig lett fiske av aure i små kulpar. Dette måtte prøvast. Følgde eit 30-40 meter breitt og tørt elveleie oppover dalen ca to km, men lite og ingen fisk å sjå. Snudde for å gå nedatt, men måtte berre kikka i ei sideelv. Og DER i ein liten kulp stod det 4-5 flotte aurar. Treiv av meg jakka og stakk armen ned ein meters dybde. Fekk tak i ein hale, men glapp taket.Etter fleire forsøk tok eg tak med begge hendene, ei over nakken og ei rundt halen.Fast fisk og stolt kunne eg ta opp ein flott aure på 55 cm og sikkert to kilo. Heilt utruleg flott oppleving. Gjett om den smakte godt til middag. Etterpå var det potetmos kokt i fiskekraft. Måtte ha mange stopp i bekker for å sløkkja tørsten seinare på turen.

Ingen kommentarer: