lørdag 9. august 2008

Spanjolar på tur i Grønland




Frå mai til medio september kjem det ca 500 spanjolar til Grønland for å oppleva den barske og ville naturen her. Dei kan velja mellom turar på ei eller to veker, med alt frå brevandring, fjellturar, kajakkpadling og fisking. Kvar gruppe er på 12-14 personar med 1-2 guidar. I løpet av turen overnattar dei på forsøkstasjonen i turistleiligheten. Då ynskjer eg velkommen, lagar rabarbra-suppe, litt Ingridkake og dagen etterpå er det guiding i området.
Nå på tirsdag var det ei svært sprek gruppe som lurte på om eg kunne ta dei med opp i fjellet på ein liten tur. Eg peika på Toppen 525 m.o.h. "Of course" og så blei det ein flott kveldstur på 3-4 timar.
Onsdag er fast haustedag av grønnsaker som skal leverast inn til byen. Ein ide vart unnfanga og kl 8 hadde vi 12 spanjolar i full gang med hausting og pakking. Det gjekk unna med latter og sang - god teambuilding! http://www.tasermiut.com/

2 kommentarer:

Sigrunn og Jostein sa...

Det er jammen godt at du kan laga Ingridkakeog rabarbrasuppe! Det er iallfall ikkje nokon stille og roleg plass du er komen til. Her er det slutt på ferien. I gårkveld var me i byen og såg på veteranbåtar og forskjellige brannbilar og bussar. Jentene har vore på Talgje på overnatting.

Olaug sa...

Hvis du har problemer med spansken, kan eg godt hjelpa.